Knute på tråden

Det har lenge kome signal om at den sokalla knutepunktsordninga var under kulturministeren si lupe. Lekkasjen som kom frå statsbudsjettet sist veke om at heile ordninga i praksis forsvinn for dei aller fleste var såleis ikkje noko lyn frå klar kulturhimmel.

Likevel seier det litt om kor lenge eit politisk vedtak varer. Alle dei festivalane rundt om i landet som er med i ordninga og har bygt opp eit apparat kring dette, må no revurdere heile opplegget. For det blir gjerne framstilt, ikkje minst av alle dei misunnelege som ikkje får noko, som at dette berre har vore eit sugerør rett i statskassa. Men slik er det sjølvsagt ikkje. Knutepunktordninga har også medført at krav har vorte stilte, både til repertoar og som ein kompetansebank for andre arrangørar i same tematikken.

Her i fylket er det to festivalar som har vore med i ordninga. Det er Førdefestivalen som i fjor fekk over seks millionar kroner, og det er Norsk Countrytreff på Breim som fekk vel 1,5 mill. kroner. Det er klart at for desse vil det merkast godt at så mykje pengar vert vekke, dersom kulturminister Widvey får gjennomslag og fleirtal for omlegging av knutepunktordninga. I opplegget ligg det at dei som mister støtte skal ha høve til å søkje om midlar til kulturrådet. Men kor mykje ein kan få her, blir i alle fall før ordninga har gått seg til, ein rein gisseleik, og gjer det vanskeleg for arrangørar å budsjettere.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.