Thomas Mardal med krinsrekord i slegge.

Knuste 37 år gamal krinsrekord

Thomas Mardal kasta slegga heile 66,70 meter under Loggane Open søndag, og knuste dermed Førde-kastaren Ove Farsund sin gamle rekord frå 1980 med 2,5 meter.

Det var duka for rekordjakt på Loggane søndag, og hovudmålet var Ove Farsund sin gamle krinsrekord på 64.20 frå 1980. Tre kapable kastarar var klare i lett vinterlege tilhøve på Rygg søndag, og det skulle verte gode resultat.

Evald Osnes Devik sette personleg rekord med 62,85 meter og Steinar Kleppe var ein knapp linjal-lengde bak med 62,58 meter.



– Dett er ein fantastisk flott sesongstart for alle tre, og Gloppen Friidrettslag har dermed fleire medaljekandidatar til NM i sommar, skriv Gfil på sine nettsider.

For Thomas Mardal var dette også godt over kravet til U23-EM i Polen i juli. Kravet er 63.50. Evald Osnes Devik er også nær, og klubben har håp om at klubben kan få kvalifisert to deltakar i same øving i EM.

Det er framleis nokre meter igjen til noregsrekorden for seniorar. Den er på 75,57 meter, satt av Evind Henriksen, Tjalve, i Florø i 2012.

Steinar Kleppe, Thomas Mardal og Evald Osnes Devik med sterk sesongopning på Loggane.