NVE-rapporten «Virkninger av klimaendringer på BKKs kraftproduksjon» viser at auka nedbør fører til auka tilsig til kraftverka utover i århundret.

– Klimaendringane gjev auka kraftproduksjon

- Ein analyse NVE har gjennomført, viser at meir nedbør vil gje auka kraftproduksjon. Vi ser også at mykje vatn må sleppast forbi kraftverka, såkalla flomtap. Kraftprodusentane på Vestlandet må ta omsyn til auka temperaturar og meir nedbør når de planlegger produksjonssystem for framtida, slik at vi utnyttar tilsiget best mogleg, seier Anne Vera Skrivarhaug, avdelingsdirektør i NVE.

Den nye NVE-rapporten «Virkninger av klimaendringer på BKKs kraftproduksjon» viser at auka nedbør fører til auka tilsig til kraftverka utover i århundret. Vassdraga går frå å ha ein tydeleg tilsigstopp i samband med snøsmeltinga på våren, til å få større delar av tilsiget utover hausten og vinteren mot slutten av århundret. Produksjonsauken kjem dermed i dei kaldaste periodane av året.

Utnyttar en mindre del av nedbøren
- Analysen indikerer at vi vil greie å utnytte ganske mykje av vatnet, og mest der BKK har kraftmagasin. Regulerte vassdrag kan også redusere skadeverknadar av fleire flaumar som klimaendringane vil føre med seg, fordi vatn kan haldast att i magasina og dempe flomtoppane, seier Erik Spildo, konstituert konserndirektør Produksjon i BKK.

Dei auka flomtapa gjer at ein mindre del av tilsiget enn i dag vil verte utnytta. Store variasjonar mellom år gjer det også vanskelegere å planlegge produksjonen.

Auka temperaturar mot slutten av århundret fører til at snøgrensa flytter seg oppover, og snømagasinet vil vert halvert. Snøen vil komme stadig seinare og smelte stadig tidlegere ettersom temperaturane aukar. Vårflaumane vert derfor mindre, og det vil bli meir regn på haust og vinter.

Reduserte flomtap på Østlandet
NVE har tidlegere publisert ein rapport om kva konsekvensar klimaendringane har for kraftproduksjon i Glommavassdraget. Den indikerer at produsentane i Glomma kan sjå fram til både auka tilsig og reduserte flomtap, og at kraftprodusentane i Glomma kan utnytte det auka tilsiget med dagens produksjonssystem.

Klimaendringane gjør at flaumtapa er venta å synke i Glommavassdraget utover århundret, mens flomtapa altså aukar i BKKs produksjonssystem. Delen av tilsiget som vert utnytta til kraftproduksjon er derimot høgare i BKKs kraftverk i dag, og den vil halde fram å vere høgare også mot slutten av århundret, samanlikna med elvekraftverka på Austlandet.