Erlend Aunevik (t.v.) frå Nordfjord Folkehøgskule og Jørund Walseth frå Firda vgs kunne begge glede seg over stor oppslutning om klatredagen og den aller første Gloppemeisterskapen i klatring.

Klatredag engasjerte mange

Det var eit yrande liv i og rundt klatreveggen i Trivselshallen laurdag, der små og store kosa seg med klatring i vegg og på bruskassar. Dette var også dagen for den aller første Gloppemeisterskapen i klatring.

— Vi har allereie passert hundre som har vore inn om, og det etter berre ein time, kunne ein svært nøgd representant for arrangørane, Erlend Aunevik fortelje.

Aunevik er lærar på fjellsportlina på Nordfjord Folkehøgskule, som var ein av arrangørane av klatredagen.

Reklame for klatresporten

Første del av dagen var av meir uformell art, der alle som ville kunne komme for å få ei innføring i klatresporten og prøve seg i veggen. Elevar frå fjellsportlina var til stades som hjelpemannskap og for å sikre klatrarane.

— Det er eit fantastisk flott anlegg og det blir mykje brukt. Vi har klatrekveldar her kvar fredag, og der er det stor aktivitet, sjølv om det sjølvsagt varierer frå gong til gong.

Ifølgje Aunevik passar klatring for alle aldersgrupper og alle nivå når det gjeld kunnskap og treningsnivå. Det er heller ikkje farleg sidan det finst strenge og gode rutinar for sikring. Han var også oppteken av at klatredagen, både den uformelle delen og konkurransen, skulle vere eit lågterskeltilbod.

Sjølv om det var Gloppemeisterskap det handla om til slutt, var det sendt ut innbyding til alle klatreklubbane i fylket og vi såg tilreisande både tidleg på dag og under konkurransen om kvelden.



Alle aldrar

At klatring passar for både ung og gammal, såg vi mange døme på. Det var kanskje ikkje så mange «gamle» i aksjon, men born og ungdom var det mange av.

– Born er vane med klatring frå dei er heilt små. Dei tek utfordringane i ein slik vegg på strak arm, medan dei vaksne er meir blyge. Med ein slik dag som dette håpar vi å få synt fram kva klatresporten handlar om og lokke fleire til å bli med. Dei som først får smaken på dette blir fort med utandørs også, og her i Gloppen og i distriktet elles er det fantastiske tilhøve for fjellklatring. Fjellsportlina på Nordfjord Folkehøgskule brukar fjella rundt her mykje til klatring, og naturmessig ligg skulen midt i smørauget når det gjeld klatreterreng.

Plass til fleire

Erlend Aunevik er sjølvsagt klar over at han og dei andre klatreentusiastane har gode treningstilhøve når det gjeld klatring i Trivselshallen. Han meiner også at det er litt naturstridig at det finst ein klatrevegg i eit område med så pass lite «kundegrunnlag»

– Anlegget blir mykje brukt, men her er plass til fleire. Tidlegare var det stort sett vi på folkehøgskulen som dreiv her, men no ser vi at aktiviteten aukar på. Vi håpar at denne dagen skal opne augo for klatresporten, for her er det god plass til fleire, seier han.

Og medan han snakkar, ser vi heile tida folk komme strøymande, og i veggen heng klatrarane til tider tett som fluger.



Men for dei som ikkje har klatrevegg i nærmiljøet, kan det kanskje vere håp om ei løysing likevel, og den var det Siv Falkenstein frå Jølster som lanserte.

– Det står mange, store, tome betongsiloar rundt om i Jølster, dei må kunne gå an å lage om til klatreveggar, meinte ho.

Ideen er herved servert.

Anneli Skrede (2) var truleg den yngste av dei som klatra under den uformelle delen av klatredagen.
Bruskasseklatring var også ein av aktivitetane i Trivselshallen laurdag.