Home   >   Fylket   >   Klart for Sunnfjord Vinterfest

Too Far Gone spelar i Førde komande helg.

Klart for Sunnfjord Vinterfest

Sunnfjord Vinterfest med banda Too Far Gone, ViMenn & Olivia og Kokken Tor spelar opp til fest og moro på Scandic Sunnfjord hotell i Førde.

TOO FAR GONE er omtala som eitt av Norges beste countryrock- og festband. Dei slo for alvor gjennom i 1998 med hiten ”Zetor`n”. Dei har sendt seks av åtte album rett inn på VG-lista. Kjent for hitlåtar som «Ælsk dæ vilt», «Bæst i test», «Treidagsfæst på Ler»,  «Fårrælska igjæn», «Mønsåsfæst’n», «Zetor’n», «Kainn æ få lov» og mange fleire.

Too Far Gone er Børge Rømma (vokal/akustisk gitar), Ole Buan Øien (elgitar og mandolin), Kåre Andreas Lund (bass), Anders Stensås (trommer) og Tommy Roten (steelgitar).

KOKKEN TOR er eit norskrock coverband frå Sandane/Florø. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert. Bandet har dei siste åra jobba seg opp eit rykte for å være det «galnaste» og «råaste» norskrock partybandet som rullar langs norske vegar.

VIMENN & OLIVIA frå Førde spelar party- og rockelåtar som er svært gode å danse til, og musikken blir levert med godt humør og speleglede. At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige mein, er og eit godt teikn. Olivia McPeek Dvergsdal på fele er gjesteartist og løftar bandet musikalsk.

 

-Fjordane Musikkforum –