Home   >   Nyhende   >   Klart for plakettfest i 4H

Steffen Fjellestad på talarstolen under årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane i februar 2017.

Klart for plakettfest i 4H

I 2017 er det over 100 ungdommar som har oppnådd 4H-plaketten i Sogn og Fjordane, det høgste talet dei seinare åra. Søndag 19. november er det klart for fest og høgtideleg overrekking.

Plaketten er den høgaste utmerkinga ein 4H-medlem kan få, og er saman med vitnemålet synlege bevis på ei aktiv og engasjert ungdomstid.

Viktig kompetanse
– Eg synest det er kjempeflott at så mange fullfører 4H-løpet! smiler Eirik H. Vikøren leiar i 4H Sogn og Fjordane.

For å oppnå 4H-plaketten må ein ha gjennomført og fått godkjent sju årlege prosjekt, samt ha delteke aktivt i klubbarbeidet.

– Ungdommar som har oppnådd 4H-plaketten er veldig engasjerte og dyktige. I 4H er det mellom anna fokus på organisasjonsopplæring og det å få erfare demokrati i praksis – og dette er kompetanse som er viktig vidare i livet, både når det gjeld studie og arbeid. Sjølv om ein har motteke plaketten så stoppar ikkje 4H-livet nødvendigvis der. Ein kan vere med vidare som alumn, og då kan ein mellom anna vere med på å skape aktivitet for dei unge i 4H, fortel Vikøren.

Sjølve utdelinga under plakettfesten blir gjort av fylkestingsrepresentant Aleksander Øren Heen, saman med ein representant for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Lærerikt og sosialt i 4H

Steffen Fjellestad (18) i Hauk 4H frå Fjellbygda på Sandane er ein av dei spente plakettmottakarane, og han gler seg:…


Gode lesar! For å lese heile denne saka må du vere abonnent.

Som abonnent får du fri tilgang til alle sakene i nettavisa og du får e-avisa. Som total-abonnenent har du også papirutgåva.

ER DU ALT ABONNENT har du fri tilgang til det digitale innhaldet vårt i e-avisa og på nett. Har du e-avis kan du gå til Mi side, og bruke den epostadressa du har registrert der til å hente ut passord (bruk «Gløymt passord»).

Har du ikkje brukarnamn og passord får du det ved å sende melding til abo@firdatidend.no og be om tilgang. Gi opp den epost-adressa du vil ha abonnementet til. Dette treng du gjere berre ein gong. Denne eposten kan du også bruke til andre ting du har spørsmål om når det gjeld abonnementet.

 

«Mi side» kan du sjølv administrere delar av abonnementet ditt, som:
• Endre kva du abonnerer på.
• Stoppe abonnementet for kortare eller lengre periodar.
• Endre adresse for kortare eller lengre periodar, som i ferien.
• Gjere adresseendringar og namneendringar.