Onsdag 29 juli er det klart for fleire aktivitetar og omvising på Nordfjord Folkemuseum.

Klart for ny, spennande museumsonsdag

I morgon, onsdag, kan du m.a. høyre Malin Alander synge i Moritsstova.

Onsdagane er faste dagar då det er ope hus og aktivitetar ved Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Det er noko folk bør nytte seg av i dette naturfagre området. I morgon kan du til dømes høyre ei komande songstjerne frå Sandane, som i helga fekk ei fin plassering i vokalklassa under Landskappleiken på Fagernes, Malin Alander synge i Moritsstova. Du kan ta deg eit slag med hesteskokasting, eller ein tur med populære Stall Rygg. Det vert også ei omvising i husa der du kan bli betre kjend med det flotte museet vårt.
Sidan vi vet eit mistak hadde med feil annonse i papiravisa vår i dag, får du her programmet for museumsdagen i morgon, onsdag 29.juli:

KL. 12: Hesteskokasting
Kl. 13: Malin Alander syng i Moritsstova
Kl. 14: Omvising i husa
Kl. 12-15: Hesteskyss med Stall Rygg