Klart for kveldsopne butikkar

I morgon er det klart for kveldsopne butikkar på Sandane, eit arrangement som er blitt tradisjon i byrjinga av mai.

– Vi kan love ein triveleg kveld, med butikkar fulle av gode tilbod og god stemning, seier medlem av butikkgruppa på Sandane og eigar av Fargerike, Tone Mindresunde.

Liv og røre

Det meste skjer i butikkane, men også utandørs vil det skje ting. Sentrumsløpet som skulle vore arrangert denne kvelden, blir det ikkje noko av, men russetog og musikk blir det. Musikken blir det skulemusikken som tek seg av, både i toget og ved at dei skapar liv og røre i sentrum.

– Vêret har ein del å seie for korleis besøket blir ein slik kveld, men det brukar å vere god handel, seier Mindresunde som kallar overskya opphaldsvêr for godt handlevêr.

Lotteri

Ei ekstra gulrot for dei som tek turen til Sandane i morgon kveld, er gratislotteriet der den heldige vinnaren kan stikke av med den einaste gevinsten. Denne har ein verdi på om lag 40.000 kroner.

– Butikkane leverer inn varer til potten som går til vinnaren som blir trekt ut mellom alle som handlar for over 100 kroner, fortel Tone Mindresunde som sjølvsagt også har eit ekstra krav til den som vil vinne «varekorga»:

– Vinnaren må vere til stades når trekninga går av stabelen på slutten av kvelden. Viss ikkje, blir det ny trekning. Dette gjer vi sjølvsagt fordi vi ønskjer at folk skal bli verande i sentrum utover mot stengetid.

Viktig kveld

Mai er ein månad for konfirmasjon og mange ekstra helgedagar, og det er ein travel månad på mange vis. Dette ønskjer handelsstanden på Sandane å hjelpe til med på den måten at dei gir publikum litt ekstra handletid.

– Vi gjer dette for at kundane skal få tid til å handle og for å få dei til å skjøne at på Sandane kan dei få det meste.

– Og så blir det vil litt ekstra i kassa for butikkane også?

– Ja, vi håpar sjølvsagt på god omsetning. For min del kan eg seie at vi har alltid hatt gode tal i butikken på desse langopne kveldane. Men vi skal hugse på at det blir ein del ekstra timar som skal lønast, så det trengst omsetning.

Også tilreisande

På ein slik kveld er det naturleg å tru at det kjem ein del tilreisande som vil prøve tilbodet på Sandane. Slik er det også, ifølgje Tone Mindresunde.

– Eg trur nok at når det gjeld slikt som klede, sko og sportsartiklar, så kjem her ein del tilreisande. Kanskje mest frå Jølster, men også litt frå Eid, sjølv om dei har godt med butikkar sjølve.

– Jølstringar brukar det vel å vere ein del av, når det skjer noko ekstra på Sandane?

– Ja då, og det vi håpar på er å halde på glopparane som handlande og så trekkje inn ein del utanbygds. Alle er velkomne, avsluttar Tone Mindresunde som ser fram til ein hektisk kveld, men som ikkje hadde heilt hadde bestemt seg for kva ho og målarbutikken skulle putte i gevinstkorga då vi snakka med henne.