Arild Andersen trio

Klart for Jazzfestival

– I år kuttar vi ut konserten søndag ettermiddag. Han har ofte vore lite besøkt trass kjempesterke namn. I staden startar vi torsdag kveld, seier leiar i Jølster jazzklubb, Marit Hartvedt.

Tjuvstartar
Vi flyttar heile arrangementet ein dag fram og tjuvstartar torsdag med jølstringen Hilde Marie Holsen i Løa på Jølstraholmen, fortel Marit Hartvedt og legg til at søndagen ikkje er heilt vekke sjølv om konserten søndag ettermiddag er kutta ut:
– Det blir som vanleg jazzinnslag under gudstenesta i Ålhuskyrkja. To elevar frå Firda vidaregåande skule skal spele og synge. Vi samarbeider med kyrkja om dette.
Mange lokale artistar
Fredag kveld er det offisiell opning ved leiar i Norsk jazzforum, Gry Brøtåmyr, på Thon Hotel Jølster. Opningskonserten «Grieg, Tveitt & I» er det Dag Arnesen trio med strykarar frå Flora kulturskule som står for.
– I år har vi mange artistar frå fylket, seier Hartvedt og nemner Firda-gruppa Nalbant, Good Time Charlie med førdianaren Arle Hjelmeland i spissen og Kari Malmanger, som er busett i Sogndalsdalen, i tillegg til dei unge florøværingane.
Kari Malmanger band skal spele på Fjøsen Pub fredag kveld, Good Time Charlie skal stå for barnejazzen på hotellet på dagtid laurdag, medan Nalbant opptrer på gratiskonserten på Audhild Vikens vevstove laurdag ettermiddag.

Kontrabass
Sjølv om høgdepunkta står i kø, kjem ikkje leiaren i jazzklubben utanom at ho har særleg høge forventningar til Arild Andersen Trio med Helge Lien på hotellet laurdag kveld.
– Andersen er over 70 år og har vore ein av dei leiande bassistane i Europa i meir enn 30 år. Han er rett og slett veldig flink. Han spelar kontrabass, noko som er eit litt spesielt instrument for mange, seier Hartvedt og legg til at pianisten Helge Lien heller ikkje er nokon kven som helst. Det er såleis duka for ei solid Jazzhelg i Jølster, ei helg publikum absolutt må få med seg , ifølgje jazzgeneralen. Det heile startar altså i morgon kveld.


marit-h