Ei fersk meiningsmåling syner klart fleirtal for kommunesamanslåing i både Gloppen og Eid.

Klart fleirtal for kommunesamanslåing

*59 prosent i Eid og Gloppen er for *Størst samanslåingsvilje i Eid

Ei fersk meiningsmåling viser at 66 prosent i Eid og 52 prosent i Gloppen er for kommunesamanslåing. Målinga viser også at valdeltakinga kjem til å bli stor.


Godt to veker før folkerøystinga kan Fjordabladet og Firda Tidend presentere ei fersk meiningsmåling utført av Nordfakta Markedsanalyse. I veke 18. vart eit representativt utval på til saman 800 personar fordelt på like mange i Eid og Gloppen stilt ei rekkje spørsmål knytt til kommunereforma.

Klart fleirtal
Undersøkinga syner at det totalt sett er eit klart fleirtal for at Eid og Gloppen går saman. Samanslåingsviljen er størst i Eid med 66 prosent ja, og klart lågare i Gloppen med 52 prosent. I tillegg er det verdt å merkje seg at det berre er 18 prosent mot samanslåing i Eid og 33 prosent mot i Gloppen. Slik er det klar samanslåingsvilje i begge kommunane, tydelegast i Eid.

Totalt meiner 59 prosent av dei spurde at dei to kommunane bør slå seg saman. Veit-ikkje prosenten er nesten lik i begge kommunane, 16 og 15 prosent.

Undersøkinga viser vidare at mennene er mest positive til samanslåing, 63 prosent, medan 55 prosent av kvinnene er det. Ofte er ungdomen opnast for endringar, men ikkje i dette spørsmålet. 60 prosent av dei over 60 som deltok i spørjeundersøkinga, er for samanslåing, medan dei under 30 er mest avvisande med 55 prosent av dei spurde.

Mindre overraskande er det at Høgre-veljarane saman med veljarane til støttepartia Venstre og KrF er mest positive.



Vil røyste
Kommunereforma har vore på dagsorden i fleire månader. Mange stader er dei ei sak folk flest ikkje bryr seg særleg om. Der det har vore folkerøysting, har oppslutninga jamt over vore dårleg. I Gloppen og Eid ser derimot engasjementet ut til å vere stort.

I Eid svarer 82 prosent at dei kjem til å røyste. I Gloppen er det endå fleire, 89 prosent. Litt fleire menn enn kvinner vil gå til vallokalet. Ivrigast er dei mellom 45-49 år. 92 prosent i denne aldersgruppa av dei som deltok i undersøkinga vil røyste. Minst deltaking var det blant dei under 30 med 73 prosent. Uansett er det tal som lovar godt, og som vil medvirke til at ei folkerøysting vil ha verdi for politikarane når dei skal gjere sine vedtak.

Partimessig vil 91 prosent av KrF-veljarane delta i folkerøystinga. Ap er hakk i hæl med 89 prosent før Høgre 86, Sp 84 og Venstre 83 prosent.

Namn og bru
Deltakarane i undersøkinga vart også spurde om det føreslegne namnet Nordfjord kommune. Her er det markert skilnad mellom kommunane. Medan 61 prosent av eidarane er positive, er berre 43 prosent av glopparane det same. Høgre-veljarane er mest positive med 70 prosent, medan 65 prosent av Venstre-veljarane er det.

I både Gloppen og Eid er det sterke ønskje om å få bru Anda – Lote. I debatten hevdar mange at brua vert lettare å realisere dersom Gloppen og Eid slår seg saman. I spørjeundersøkinga meiner 61 prosent i Eid at det vil framskunde brua, medan 47 prosent av dei spurde i Gloppen meiner det. Totalt trur 54 prosent at brua kjem fortare om kommunane er slått saman. 30 prosent i Eid og 43 prosent i Gloppen meiner samanslåing ikkje spelar noko rolle.

30. mai skal det vere folkerøysting i Eid og Gloppen. I Eid skal folkerøystinga også supplerast med ei innbyggjarundersøking.

Les meir om meiningsmålinga i papiravisa onsdag.

Det er klart fleirtal i både Gloppen og Eid for samanslåing. Eidarane er klart mest positive.