Jonas Løvland, Kristina Opstad Forsland og Jon Torstein Toft ser fram til å kome om bord på seglskipet Statsraad Lehmkuhl.

Klare for tokt til Shetland

Elevar, stipendiatar og lærarar ved Nordfjord folkehøgskule stod måndag klare på gjestebryggja på Sandane og venta på å få kome om bord i Statsraad Lehmkuhl. No går turen til Shetland. – Vi gler oss, seier Kristina O. Forsland, Jonas Løvland og Jon Torstein Toft.

Dei som skulle vere med som mannskap om bord på Statsraad Lehmkuhl til Shetland, stod klare med bagasjen ved gjestebryggja på Sandane. To tenderar gjekk i skytteltrafikk til og frå den kvite seglskuta, som var eit vakkert syn på Gloppefjorden denne føremiddagen.

– Veldig spennande

Kristina Opstad Forsland frå Brattvåg på Sunnmøre er elev ved folkehøgskulen i år.

– Eg gler meg veldig til turen til Shetland. Eg har vore litt på sjøen tidlegare, men har aldri vore med på ein så stor båt før. Det blir veldig spennande, seier ho.

– Er du spent på om du blir sjøsjuk?

– Eg har ikkje skaffa meg reisesjuketablettar, for då får eg ikkje klatre i masta. Om eg spyr litt, får våge seg. Eg vil heller det enn å late vere å klatre i masta. Det trur eg blir kjempegøy. Det er noko av det eg ser fram til på denne turen. I tillegg ser eg fram til å vere ein del av miljøet på ei slik flott skute. Vi skal synge shantisongar, seglbåtsongar. Dei har vi øvd på ein heil dag. Det trur eg blir kjekt, seier ho.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.