Deltakarar på sekretærkurset under Superhelga i 2015. (Foto 4H Sogn og Fjordane)

Klar for ei super helg på Skei

Nærmare 180 unge og vaksne frå heile Sogn og Fjordane finn vegen til Skei 5.-7. februar og årets Superhelg i 4H.

Tre store arrangement vil gå av stabelen under fellesnamnet Superhelg i 4H, ei helg med mykje aktivitet og moro. Det vert styrekurs for 4H-medlemene, inspirasjonssamling for dei vaksne i 4H og til sist vert helga avslutta med fylkesårsmøte på søndag.

Tre store arrangement vil gå av stabelen under fellesnamnet Superhelg i 4H, ei helg med mykje aktivitet og moro. Det vert styrekurs for 4H-medlemene, inspirasjonssamling for dei vaksne i 4H og til sist vert helga avslutta med fylkesårsmøte på søndag.

Styrekurs for ungdom

Nærmare 130 unge 4H-arar vil delta på styrekursa som startar fredag. Då vert deltakarane delte i ulike kurs, alt etter kva verv dei har i styret. Det vert mellom anna kurs for leiar og nestleiar, sekretær og kasserar – i tillegg til kurs for dei som er nye i klubbstyret, og eit for ringrevane – dei litt meir erfarne.

Synne Haugnes Tyssekvam (15) frå Von 4H i Naustdal er ein av deltakarane, og har vore med på styrekurs nokre gonger før. Ho er nestleiar i klubben, og skal delta på kurset for ringrevane.

– Eg håpar å få idear til aktivitetar som eg kan med meg tilbake til klubben, slik at vi kan gjere 4H-møta endå kjekkare for alle. Eg synest det er utruleg kjekt å vere med på Superhelg. Ein er sosial og lærer mykje, så eg vil rå alle som er med i 4H til å vere med på denne helga, smiler 15-åringen.

«Mobbeprofessor»

I løpet av helga vil deltakarane på styrekurs og dei vaksne som er med på inspirasjonssamling, få oppleve ei førestilling av «Mobbeprofessoren» Tor Arne Johnsen. Han tek opp temaet mobbing på ein måte som vekslar mellom ellevill humor og stort alvor.

Under inspirasjonssamlinga vil òg vaksne ressurspersonar i 4H få påfyll gjennom mellom anna presentasjon av kurset Trygg i 4H og informasjon om Fikser alt, satsingsområdet til 4H for dei to neste åra.

Fylkesårsmøte

– Dette vert ei sosial helg for alle 4H-arane. Superhelg i 4H er eit godt arrangement. Å lære om organisasjonsarbeid er noko ein får bruk for i alle yrke. Eg gler meg til å lære vekk det eg sjølv har lært, fortel leiar for fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane, Inger-Margrethe Sørland.

Søndag morgon vert mange av deltakarane på styrekursa og inspirasjonssamlinga med vidare på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa, og er også ope for dei som ikkje er med elles denne helga.