Med eit kast på 55,37m greidde Thomas Mardal frå Gloppen Fil kvalifiseringskravet til U20-EM i Eskilstuna 16–19 Juli med god margin. Foto: Nils Ove Roset

Kjempekast av Thomas

- Under årets Gloppemeisterskap kasta Thomas Mardal (18), Gloppen Fil, 1,75kg-diskosen heile 55,37 meter. Han greidde dermed kvalifiseringskravet på 53,80m til U20-EM i Eskilstuna 16–19 Juli med god margin, skriv Gloppen FIL på nettsida si.

Thomas Mardal vert dermed den første mannlege friidrettsutøvaren frå Gloppen i ein internasjonal meisterskap sidan 1997. Då deltok Kjell Ove Hauge i senior-VM.

Diskos og sleggekonkurransen gjekk av stabelen i Hyen då kastanlegget på Byrkjelo er under rehabilitering. Hans Sande, Gloppen Fil, sette personleg rekord med 6kg-slegga med resultatet 60,98m. Karane er tydelegvis i rute. Det vart oppnådd svært gode resultat i Hyen sjølv om vêret ikkje var det beste.

Glopparar i internasjonale friidrettsmeisterskap
Arne Indrebø, Breimsbygda FIL, U20 VM 1988
Kjell Ove Hauge, Gloppen FIL, VM senior 1997
Elin Isane, Gloppen Fil, U23EM 1997
Cecilie Riise, Gloppen Fil, U23EM 1999
Kristin Roset, Gloppen Fil, EM senior 2002
Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2005
Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2007
Trude Raad, Gloppen Fil, U20VM 2008
Trude Raad, Gloppen Fil, U20EM 2009
Marte Rygg Årdal, Gloppen FIL,U18VM 2009
Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U20EM 2011
Trude Raad, Gloppen Fil, U23EM 2011
Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U23EM 2013