Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Kjempefisk i Jølstravatnet

Denne ruggen på 9.5 kg sat i garnet til Terje Årnes i dag tidleg

Kjempefisk i Jølstravatnet

– No er vi på den tida dei brukar å komme, sa Terje Årnes då vi snakka med han for nokre dagar sidan. I natt kom han, storfisken som brukar å dukke opp i garna til Årnes i slutten av august, byrjinga av september.

Den største.

Terje Årnes er ein av dei absolutt ivrigaste garnfiskarane i jølstravatnet  har teke mang ein storfisk gjennom åra, men denne er den største, Vekta stoppa på 9.5 kg og dermed held han tradisjonen ved like når det gjeld å ta stor fisk i inngangen til hausten. Terje Årnes har lagra data på all storfisk han har fanga og han brukar også å teikne dei. Ein annan skikk han har, er å ha ei øskje med sigarar liggande i naustet. I dag måtte ein av dei fyrast opp.

ein sigar er på sin plass ved slike høve. Foto: Leif Arne Åsen

det er moro å dra garn når slike som dette dukkar opp. Foto: Leif Arne Åsen