Kari Støfringsdal med fylkesordførar Åshild Kjelsnes. (Foto: Marit Brennset/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Kari mottok fylkeskulturprisen

Føremålet med fylkeskulturprisen er å løfte fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane. Årets vinnar, jølstringen Kari Støfringsdal, har i ei årrekkje tatt vare på og lært vidare lokale mattradisjonar.

Førre veke vart det klart at Kari Støfringsdal hadde vunne fylkeskulturprisen for 2014. Tysdag kunne ho ta imot eit diplom og 50 000 kroner.

Støfringsdal har lenge vore ein aktiv kurs- og føredragshaldar om tradisjonsmat, og har reist rundt i heile fylket for å lære villige deltakarar. Dei seinare åra har ho bygd opp Fjordamattunet på garden i Jølster, og kan no lære vekk tradisjonsmat på tunet heime.

Lokalt og tradisjonelt

– Gjennom hennar arbeid vert det sett fokus på lokalprodusert mat og tradisjonskosten i fylket, sa leiar for Hovudutval for kultur, Nils Gjerland, på utdelinga tysdag.

Han la òg vekt på Støfringsdal sine bokutgjevingar, særleg «Fjordamat», som er ein av dei mest selde bøkene i Sogn og Fjordane.

– Ved å studere bøkene til Støfringsdal, får vi innsikt i ei mengd gode matrettar, men òg korleis dei blir laga. I tillegg er det ei interessant kulturhistorisk reise til skiftande mattradisjonar i ulike delar av fylket, bakover i historia, frå kyst til innland, sa Gjerland.

– Umåteleg kjekt

Prisvinnaren sjølv var særs nøgd med tildelinga.

– Eg har alltid vore interessert i matlaging, men ikkje så mykje gard. Ironisk nok enda eg opp med å gifte meg med ein bonde, og då vart eg jo glad i gard òg, sa ho til latter frå salen.

– Eg har drive på med matlaging sidan eg var ei lita jente, og det er umåteleg kjekt å bli sett pris på for arbeid eg har drive på med så lenge.

– Ikkje berre føde

Ho legg vekt på at matlaging ikkje berre skal vere føde.

– Mat er meir enn føde. Det er viktig sosialt og kulturelt. Det er ei handling der vi gir og får, og opplevingane rundt bordet er ei gjensidig gåve, sa Støfringsdal.

I tillegg til ein diplom, fekk vinnaren 50 000 kroner.