Kari får fylkeskulturprisen

Grunngjevinga frå hovudutvalet er som følgjer: Kari Støfringsdal er bondekone, husstellærar og kokebokforfattar. Ho har i samarbeid med andre gjeve ut bøkene fire kokebøker, «Fjordamat» og «Ta kaka.».
Ho har vore ei av drivkreftene til å bygge opp Fjordamattunet heime på garden Støfringsdal i Jølster. I lokala inviterer Kari til kurs i pizza og småbakst, brødbaking, julemat og hellebakst m.m. Lokalet har vedfyrt bakaromn. Bord og benkar er bygt med særpreg av eigenprodusert tømmer. Både inne og ute er det bygt i pakt med naturen.

Ho har i tillegg hatt ei rad verv både innan landbruket og i lokalpolitikken. Ho vert òg mykje brukt
som kurs- og foredragshaldar om tradisjonsmat. Gjennom hennar arbeid vert det sett fokus på
lokalprodusert mat og kvardagskosten.

Prisen er ein diplom og ein sum på 50.000 kroner som vert delt ut på fylkestinget 9. desember 2014.