Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Kåra til dagens beste spelar

Ingunn R. Ravnestad og lagveninnene leverte ein god førsteomgang.

Kåra til dagens beste spelar

Ingunn Reikvam Ravnestad vart kåra til dagens beste spelar av juryen då Gloppen møtte Fyllingen 2 i ettermiddag.

Men sjølv om bakspelaren gjorde ein solid innsats i kampen, vart det tap mot bergensarane, 30-22.

Gode i første
Heimelaget leverte ein bra førstegomgang og låg under med berre to mål ved pause, 14-12.

– Eg er svært godt nøgd med første omgang, men det er klart at vi surrar vekk for mange enkle ballar. Det har vi ikkje råd til mot eit så godt lag, seier trenar Øyvind Indrebø.

Spelet svingar
Starten av andre omgang vart for dårleg sett med heimelaget sine auge. Her drog Fyllingen 2 verkeleg i frå, og med dette punkterte dei kampen.

– Det svingar for mykje i spelet vårt, frå det som er veldig bra til det som er begredeleg. Men vi leverer ein betre sesongstart i år enn i fjor, oppsummerer trenaren.