Det skal forhandlast først, men alt tyder på at Leidulf Gloppestad blir ny ordførar i Gloppen.

Kan få størst vekst i Nordfjord

*Ønskjer lys i tome bustadhus *Fiberkabel til alle deler av Gloppen

– Ei av dei store utfordringane er å finne bustader til folk som ønskjer å flytte til Gloppen, seier ordførarkandidat Leidulf Gloppestad (Sp). Han vil gå i dialog med eigarane.

Kurva for folketalsutviklinga i Gloppen peikar svakt oppover. Leidulf Gloppestad meiner han veit korleis ho skal bli brattare.

Tomter og bustader
– Eg har vore rundt i alle deler i kommunen og har treft både privatpersonar i ulike profesjonar og representantar frå næringslivet. Mange peikar på manglande attraktive bustader og tomter for å busetje innflyttarar, seier Gloppestad. Over langt tid meiner han Sp har arbeidd for og prioritert utvikling og aktivitet i alle deler av kommunen.

– Det krev at vi også følgjer opp og ligg i forkant slik at vi ikkje endar opp med enkle og dårlege løysingar der vi t.d. byggjer ned dyrka mark, seier han.

Leidulf Gloppestad viser til ei kartlegging som syner at det står 300 tome hus rundt om i heile kommunen. Dei er berre i bruk i ferie og fritid.

Les meir om valkamputspelet frå Leidulf Gloppestad i papiravisa onsdag.