– Tango er kjempekjekt, seier (f.v.) Siren Toen, Ingvild Fagerli Sandve, Janne Alander og Gro Pleym Iversen i Gloppen Tango. No håpar dei fleire vil prøve den rolege og estetiske dansen.

– Kan bli avhengig av tango

– Når ein har øvd inn dei tre stega framover, bakover og til sides, er mykje på plass. Då får ein god flyt, smiler fire damer i Gloppen Tango.

Gloppen Tango vart skipa for knapt eit år sidan. No vil dei ha med seg fleire på den estetiske dansen der samspel med partnaren er svært viktig.

– Må vere veldig til stades

– Vi har hatt to helgekurs tidlegare med til saman kring 40 deltakarar på kvart kurs. Ein kjerne på 20 har halde fram med å danse annankvar fredag, men vi vil veldig gjerne bli fleire, seier Gro Pleym Iversen, Ingvild Fagerli Sandve, Janne Alander og Siren Toen.

Saman med Ingvild Imerslund utgjer dei styret i Gloppen Tango. I fjor tok Pleym Iversen og Imerslund initiativet til å skipe tangoklubb i kulturkommunen. Mange har synt interesse for klubben der det er argentinsk tango som gjeld.

– Tango er ein gådans som kan gjerast heilt enkelt og som dei fleste kan beherske. Ein treng ikkje vere supersprek eller kunne særleg mykje for å hive seg med, seier Fagerli Sandve.

– Ein må vere veldig til stades. Kommunikasjon og kontakt med dansepartnaren er viktig. Dansen skil seg frå mange andre dansar ved at det ikkje er nokon kondisjonsdans, det er ikkje hælane i taket. Den sosiale settinga er òg viktig, supplerer Pleym Iversen, som er leiar i klubben.

Lågterskeltilbod

For at fleire skal få auga opp for argentinsk tango, skipar Gloppen Tango til kurs i Vonheim 9.-11. januar.

– Vi prøver å få til eitt kurs i semesteret. Då hentar vi inn instruktør frå Bergen. Kanskje kan det vere eit godt julegåvetips å kjøpe eit kurs til ektemaken, smiler Gro Pleym Iversen.
Men ein treng slett ikkje å ha deltatt på kurs for å vere med på tangokveldane i lokala til Bodhi Pilates annankvar fredag.

– Vi startar øvingskveldane med repetering av steg. Kjem det nye dansarar, tek vi det heilt frå botnen av. Den første timen øver alle på sitt nivå, så dansar vi etterpå. Vi ønskjer det skal vere låg terskel for å delta og legg lista ut frå det. Det er ingen som møter kvar gong, men ein kan henge med likevel, seier Janne Alander.

– Vanedannande

– Kven dansar tango?

– Dei fleste er mellom 30 og 60 år, men den eldste på det siste kurset var over 80. Dei fleste er fysisk i stand til å danse, seier Siren Toen.

– Kvifor bør fleire danse tango?

– Det er veldig kjekt, vi trur mange fleire enn dei som er med no, kan ha glede av det. Det er ein fin hobby for til dømes småbarnsforeldre som treng litt tid for seg sjølve og ønskjer å gjere noko i lag. Dessutan er det veldig sosialt, understrekar Gro Pleym Iversen.

– Men tango er vanedannande. Ein kan fort bli avhengig, det må vi åtvare mot, smiler dei tangoglade damene og håpar og trur dei får selskap av fleire på dansegolvet framover vinteren.