Robert André Moldestad, Breimsbygda IL, er ein av dei lokale håpa under Junior-NM i vektløfting på Sandane laurdag. Arkivfoto.

Junior-NM og Noregscup i vektløfting på Sandane

– I fjor arrangerte vi ungdoms-NM, i år tek vi eit steg opp og arrangerer Junior-NM og Noregscup, seier leiar i vektløftargruppa i Breimsbygda IL, Ola Bergheim.

Vektløfting er ein av mange idrettar som har godt fotfeste i Gloppen. Til helga står det lokale miljøet bak eit arrangement som samlar over 70 deltakarar frå heile landet.

Mange jenter og kvinner

– Det er 45 påmelde til Junior-NM og 27 til Noregscupen for seniorar. Det som er litt spesielt, er at 40 prosent av deltakarane er jenter og kvinner. Det fortel at det har skjedd noko med haldninga til vektløfting, seier Ola Bergheim.

Les meir i papirutgåva onsdag.