Home   >   Nyhende   >   Julestemning og skiføre i høgda

Det er fin vinter på Austrheimsstøylen (Foto: Jostein Hansen)

Julestemning og skiføre i høgda

Sjølv om det er grått og vått nede ved fjorden skal ein ikkje langt for å finne vinterleg julestemning og gode skiløyper.

Biletet frå Austrheimsstøylen, som Jostein Hansen har sendt redaksjonen, gjev liten tvil om at det kort veg opp og ut i gode snøtilhøve.

– Det er rikeleg med snø og fine løyper frå Kleivane, melder Hansen.

Det er vel grunn til å tru at det er mykje likt også i andre høgareliggande løyper i området.