Aktørane som leverte ei imponerande førestilling i Helgheimskyrkja.

Julekrybba skapte høgtid i Helgheimskyrkja

- Tårene var ikkje langt unna, sa kulturskulerektor Anja Gulbrandsen etter at siste tone og siste ord frå Julekrybba hadde stige opp mot taket i den fullsette Helgheimskyrkja søndag ettermiddag.

Og det var garantert ikkje berre kulturskulerektoren som tørka ei tåre, eller to, for dette var berre så utruleg vakkert, og imponerande på alle måtar. Og det mest imponerande var prestasjonane til desse unge dramaspirane frå kulturskulen som trollbatt publikum og leverte ei førestilling som sto til topp karakter.

Juleevangeliet

Førestillinga var resultatet av eit samarbeid mekllom Sogn og Fjordane Teater og kulturskulane i Jølster, Naustdal, Førde og Flora. Denne førestillinga som hadde aktørar frå kulturskulen i Jølster, var den andre i rekkja som starta i Naustdal kyrkje 1. søndag i advent og blir avslutta i Florø kyrkje kommande søndag.

Handlinga er ei dramatisering av juleevangeliet, og der forteljarstemma til skodespelar ved teateret, Reidun Melvær Berge, bind det heile saman. på slutten overlet ho forteljinga til biskop Theofilos, spela av Kristoffer Sandal (11). Det heile var krydra av fantastisk flott song, og då "Det lyser i stille grender" tona ut, kunne vi bokstveleg tala kjenne julestemninga krype nedover ryggen. Her er det mange som har gjort ein god jobb med førebuingane.

Vi kjem tilbake med meir i papiravisa onsdag



 

Sigrid Sægrov (13) spela engelen Gabriel og får hjelp med kostymet av dramalærar ved kulturskulen og tilsett på Sogn og Fjordane Teater, Reidun Støfring