Søndag blir «Julekrybba» framført av mellom andre 20 born frå Kulturskulen i Jølster i Helgheim kyrkje. På dette biletet er det elevar i Førde kulturskule som er avbilda i kostyma som skal brukast. Foto: Oddleiv Apneseth.

«Julekrybba» blir vist i Jølster

Søndag 4. desember inviterer Kulturskulen i Jølster saman med Sogn og Fjordane Teater til première på «Julekrybba» i Helgheim kyrkje. Dette vert ei vakker julesamling for heile familien.

«Julekrybba» er eit spel der handlinga er bygd på juleevangeliet. Kristi fødsel og omstenda rundt denne står i sentrum. Evangeliet symboliserer håp, synt gjennom det nyfødde barnet. Eit barn blir født, eit nytt lys vert tent og gjev oss håp.

Uventa og tradisjonelt

Denne første søndagen i advent møter vi Maria, Josef, engelen Gabriel og mange andre vakre englar, dei tre vise menn: Kaspar, Melchior og Baltazar, kong Herodes og soldatane hans og mange gjetarar. På scena er 20 fantastiske born frå Kulturskulen i Jølster saman med skodespelar Reidun Melvær Berge frå Sogn og Fjordane Teater.

Regissør er Jeff Pedersen.

– Framsyninga skal by på det uventa, kombinert med det tradisjonelle. Vi samlar heller ikkje skodespelarane på ei scene, framfor eit passivt publikum: Vi fyller kyrkjerommet. Skodespelarane er rundt, framfor, i, bak og over publikum. Sogn og Fjordane Teater har også laga 30 fantastiske kostyme som er inspirerte av seinmiddelalderen og renessansen. Dette er ei oppleving i seg sjølv, lovar han.