De fleste vet at det er lurt å ikke ha lommeboka i baklomma, men det alene er ikke nok for å sikre seg mot stadig mer utspekulerte lommetyver, ifølge Hasler. (Foto: pexels.com)

Julehandelen er lommetjuveri-tid

Det er tre gongar så mange lommetjuvari i desember samanlikna med resten av året. Litt merksemd og seks gode råd kjem godt med



Dei travle handlegatene i Norge og utlandet tiltrekker seg også stadig meir utspekulerte lommetjuvar, og desember er mest utsett, viser statistikk frå Gjensidige.

- Uavhengig av om du er i London, Barcelona eller Trondheim, så vær på vakt om du er i typisk utsette område. Offentlege stader med mykje folk og trengsel, som til dømes julemarknader, kafeer, haldeplassar og kollektivtransport, er populære mål for lommetjuvar verda over, seier reiselivsekspert Lene Hasler i Gjensidige.
Eksperten seier lommetjuvar kan slå til når som helst på døgnet, men det toppar seg rundt ettermiddagsrushet og på kveldstid i helgane.

– Alle er like utsett, men vi ser ein tendens til at tjuvane gjerne ser seg ut personar med redusert evne til å ta vare på tinga sine. Det kan dreie seg om alt frå eldre og funksjonshemma til stressa småbarnsforeldre og rusa folk på vei heim frå byen, seier Hasler.

Eksperten seier lommetjuvar ofte opererer i grupper på alt frå to til åtte personar, og at tjuveriet sjeldan er tilfeldig. Hun råder derfor til å vere på vakt om du nettopp har tatt ut pengar i ein minibank, eller akkurat brukt mobilen, da lommetjuvane følgjer med og observerer kvar du legg frå deg tinga dine.

– Vi nordmenn liker å tru godt om folk. Det er i utgangspunktet ein god eigenskap, men dette veit lommetjuvane å utnytte. Profesjonelle lommetjuvar er det vanskeleg å gardere seg mot, men det er nokre regler man kan ta og nokre triks ein bør vere merksame på, seier Hasler.

Gode råd
• Ha alltid veska/sekken/lommene lukka

• Sørg også for å ha veska/sekken der du har kontroll på den, og ikkje legg verdisaker i ytterlommer

• Vær merksam og rop på om hjelp

• Vær ekstra på vakt om framande tek kontakt, og følg med på folk som står unormalt nær deg

• Hugs at lommetjuvar også bruker born som medhjelparar

• Påkall gjerne andre personar rundt deg for hjelp – lommetjuvar likar ikkje merksemd