Juleballet på Gloppen ungdomsskule har lange tradisjonar. Dette er festen tiandeklassingane har ansvaret for, og alle er involverte i. Dei fekk velfortent ståande applaus frå publikum.

Juleballet er kvelden då tiande klasse slår seg laus

Slik har det vore i fleire ti-år. Så lenge at sjølv dei mest erfarne i lærarkollegiet ikkje kan seie kor tid det starta. Dette er kvelden mange har sett fram til, og like mange er spente på. Det gjeld både dei som er i salen, og tiandeklassingane som har ansvaret.

Glitter og stas
Juleballet er kvelden då slitne jeans, genser eller t-skjorter er ”ut”. Det er kvelden då alle stiller i finstasen, gutar som jenter. Her er det flotte kjolar, fine smykke og passeleg med sminke som gjeld for jentene. Dei innrømmer å ha brukt laaang tid på badet. Gutane greier det på ti minutt, men er like fine. Her er det kvit skjorte og slips, eller ”tverrliggar”, blankpussa sko og vasskjemma hår. Ja, kanskje med litt opp i for å få den rette sveisen.

Utanfor inngangspartiet ligg den raude løparen, og på kvar side blafrar det i store stearinlys. Inne er skiljeveggen fjerna og eit stort rom, med scena som det sentrale element, kjem til syne. Her står fint dekka langbord side ved side med fint bretta serviettar og levande lys. Alle er i feststemning, og alle lurer på kva tiandeklassingane har pønska ut dette året.

Les fyldig reportasje i papiravisa måndag.