Home   >   Fylket   >   Jubelen stilna

Arbeidarparti-klanen under valvaka i Førde jubla for ein god prognose i 22-tida valkvelden, men måtte til slutt innsjå nederlaget.

Jubelen stilna

Arbeidarpartiet gjekk tilbake 3,5 prosentpoeng og enda på 24,5 prosent oppslutning i Sogn og Fjordane.

Kombinert med den sterke tilbakegangen for Jonas Gahr Støre & co på landsbasis, vart det ei tung valnatt for det tradisjonsrike partiet.

Fylkespartiet hadde mål om å sende både Ingrid Heggø og Hilmar Høl til Stortinget, no blir Heggø einsleg Ap-svale frå Sogn og Fjordane på Løvebakken.