Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Jon Rolf sikra seg VM-billett

Glopparen Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen leverte ein knallsterk søknad til ski-VM i Sveits fredag. Han vann ti kilometer klassisk med ni sekund. Det går to uttaksrenn til på Beitostølen denne helga. Arkivfoto.

Jon Rolf sikra seg VM-billett

Fredag sikra hyaren Jon Rolf Skamo Hope seg etter alle solemerke billett til Junior-VM på ski. Han vann uttaksløpet på Beitostølen med god margin.

Med tida 26:02,3 på ti kilometer klassisk leverte Jon Rolf ein svært solid søknad til dei som tek ut VM-laget. Han slo andremann med ni sekund. To renn står att i norgescup junior som vert arrangert på Beitostølen denne helga, men det vert vanskeleg å kome utanom glopparen når VM-troppen skal setjast saman.

Vann med ni sekund

– Eg datt nedi i ein oppoverbakke, så tida kunne ha blitt endå sterkare om eg ikkje hadde hatt den glippen. Det var faktisk like før staven knakk, men det gjekk bra, seier ein glad skiløpar.

– Men eg er slett ikkje misnøgd med ei leiing på ni sekund. Avstanden bak til tredjeplassen var betydeleg større, 36,8 sekund, så det gjekk bra i dag, slår Jon Rolf fast.

Han meiner sjølv ti kilometer klassisk er den sterkaste øvinga han har, og trur det kanskje er her han har best sjanse til å gjere det bra i Junior-VM i langrenn i Goms i Sveits. Han trekkjer også fram duathlon som ei øving han kjenner seg sterk i

– Litt spent

Hyen IL sitt VM-håp er «litt spent» før dei to andre uttaksrenna som går denne helga, sprint laurdag og 15 kilometer skøyting søndag.

– Det som er sikkert er at eg må gå fort, seier han.

Når renna på Beitostølen er over, er det ingen konkurransar før VM startar 28. januar, berre trening.

– Det går i rett retning, eg håpar på gode tider, og trur eg har god sjanse til å gjere det bra, seier Jon Rolf.

Også syttenårige Lars Agnar Hjelmeset frå Gjelleråsen IF vann si klasse med god margin under norgescupen. Han kom heile 17,6 sekund før andremann på 15 kilometer klassisk, skriv langrenn.com. Lars Agnar er son til ikkje ukjende Odd-Bjørn Hjelmeset.