Ottar Berg er veteran i internasjonale meisterskap og tok ein åttandeplass i årets VM

Jølstringane gjorde det bra i VM

Siste veke var det VM i handbak, eit arrangement som gjekk av stabelen i Bulgaria

Lagleiar frå Jølster

Det norske landslaget hadde med 15 brytarar til Bulgaria og to av dei var frå Jølster. Ottar Berg var kaptein på landslaget, og med seg til VM hadde han også Jørn Kjelsnes Frivik. Dei to jølstringane gjorde sakene sine bra sjølv om det ikkje vart medalje denne gongen.

Kjelsnes Frivik tok femteplassen med venstrehanda i handicap klassen inntil 80 kg, medan Ottar Berg tok ein åttandeplass i master -90 kg. I alt 1300 utøverar frå 60 land deltok i meisterskapen.