Eitt av dei mest fotograferte motiva i Jølster er plassert på mars månad. Her har fotografen fanga ei spesiell stemning.

Jølsterkalenderen leverer varene

Tradisjonen tru er skulemusikkane i Jølster på bana med fotokalender når det nærmar seg jul. Både amatørar og profesjonelle har gjennom åra levert foto til dette som er blitt eit svært populært produkt.

I år er det for første gong ein fotograf med utanlandsk opphav som står bak bileta i det som er ein riktig vakker kalender.



Frå Afghanistan
Årets kalenderfotograf heiter Besmellah Samin og kom til Noreg frå heimlandet Afghanistan i 2001. Han er fødd i 1971 og bur på Skei i lag med sonen på sju år. I Jølster arbeider han som sjukepleiar. Fotografering starta han med i 2010, og er noko han er heilt sjølvlærd på.

Han er etter kvart blitt meir og meir interessert i naturfotografering, kanskje ikkje så rart sidan han kjem frå eit område i Afghanistan med mykje natur, harde vintrar og fjelltoppar opp mot 5000 meter.

Besmellah meiner Sogn og Fjordane er ein perfekt plass for alle som likar naturfotografering og andre former for naturopplevingar. Han seier også at fotograferinga har gitt han mange vener både her til lands og i utlandet, og at han ønskjer å lære meir om hobbyen sin etter kvart.

– Å vere innvandrar i Noreg i vaksen alder har ikkje vore lett, men gode vener har gjort livet enklare, seier han.



Høgt og lågt
Årets Jølsterkalender har det ein må kunne kalle klassisk motivval når det gjeld dei 13 fotografia som er plukka ut til å vere med.

Fotografen har bevega seg frå fjæresteinane i Jølstravatnet til fjellet Orkja, og han har fått med seg rennande og frose vatn både frå Svidalsneset, Våtedalen og Lunde. Det kanskje vakraste biletet er å finne på mars månad og syner det klassiske motivet med varden ved Kjøsnesbrua og Grovanipa bada i måneskin i bakgrunnen.

Fint er også framsidefotoet som er teke på Orkja ein seinsommarkveld med utsikta nedover vatnet i bakgrunnen og raude molter i framgrunnen.

Samarbeid
Kalenderen er som vanleg eit samarbeid mellom skulemusikkane på Skei og Vassenden, og han har allereie vore på marknaden eit par veker.

Vanlegvis brukar det å vere dørsal av kalenderen i heile Jølster, men i år blir det ikkje dørsal i Skei skulemusikk sitt område, fortel Linda Furre Lunde i kalenderkomiteen.

Men kalenderen er sjølvsagt å få i butikkane over heile Jølster, og han blir også å få på julemessene til skulemusikkane no kommande søndag. Dei går føre seg i Borgja på Ålhus og i Samfunnshuset på Skei.

Spenn i geografi
– Utvalet av bilete er avhengig av kva fotografen har i «arkivet» sitt. Vi prøver alltid å få tak i gode bilete som er frå heile Jølster, og sjølv om det berre er fire frå nedre, er det eit bra spenn i geografien. Det er foto frå Våtedalen, Førs, Årdalen, Helgheim, Lunde, Kjøsnes, Orkja, Svidalsneset, Jølstra, Sanddalen, Stardalen, Astruptunet og Dvergsdalen, seier Linda Furre Lunde.

Ho vil sjølvsagt ha kalenderen inn i alle heimar i Jølster, i tillegg til at han eignar seg godt som julegåve.

Så det er berre å møte opp på julemessene og støtte skulemusikkane.

Det er Besmellah Samin frå Afghanistan som står bak fotograferinga av Jølsterkalenderen i år.