Storparten av Jølster sitt lag etter medaljeutdelinga på Bislett stadion. Foto: Johny Solheimsnes.

Jølster sprang seg til topps

* Vann klasse F2 Menn Senior * Er klar for eliteklassa neste år

– Det er veldig overraskande at vi vann heile greia, det hadde vi ikkje trudd, seier Eivind Øygard.

Stardølingen sprang den tiande og lengste av dei 15 etappane i Holmenkollstafetten, dei 2840 metrane frå Holmendammen til Monolittveien.

I tetsjiktet
– Vi kjempa i toppen heile vegen. Då eg overtok pinnen, låg vi på tredje plass, seier Eivind Øygard.
Ikkje overraskande sprang den treningsivrige jølstringen laget heilt opp i tet.
I mål skilde fem sekund ned til nummer to, Lillehammer IF. Modum FIK var ytterlegare 14 sekund bak på tredjeplass.

Les meir om jølstringane sin store prestasjon i måndagsavisa.

Øyvind Skrede (f.v.), Eivind Øygard, Alexander Peveri, Johannes Siem, Knut Olav Øygard og Arild Øygard var alle med på Jølster sitt lag i Holmenkollstafetten. Dette biletet er frå Breimstafetten førre helg.