Jølster Skisenter hadde snø til å få avvikla renn i helga. Foto: Atle Hamar.

Jølster berga alpinrenn

Den snøfattige vinteren har skapt store problem for skianlegg og skisport rundt om i fylket. Dette gjeld både for langrenn, hopp og alpint.

Denne helga skulle det etter terminlista vore arrangert KM i både hopp og kombinert. Renna vart utsette grunna snømangel, og det same var nær ved å skje med eit alpinrenn som skulle vore arrangert i Sogndal Skisenter.

Flytta til Jølster


Men i Sogndal var snøen vekke og dermed var gode råd dyre. Augo fall snart på Jølster Skisenter, eitt av svært  få anlegg  som i dag har snø. Vi har fått opplyst at også Harpefossen har produsert snø og vil ha ope i venterferien. På eitt døgns varsel tok Jølster Alpin på seg Sparebanken Vest Alpincup som vart arrangert med to storslalomrenn i løpet av fire og ein halv time. Renna gjekk i regnvêr, men vart elles avvikla på beste måte ifølgje arrangørane.

Gode resultat


Av lokale resultat nemner vi brødrene Håvard og Jørgen Aarøen Taklo frå Jølster som vann sine klassar i begge renna. Vann gjorde også Elias Helle Felde frå Breimsbygda i det eine rennet, men måtte ta til takke med andreplass i det andre





 

Det var andre tilhøve i Jølster Skisenter under rennet i dag. Men renn vart det. Foto: Tone Lin Støfring Skovro/Norges Skiforbund
Slik såg det ut i nedre del av anlegget i dag.