F.v.: Lars Kveen (Hopp- og kombinertkomiteen), Per Ytre-Eide (Ytre Eide Sport AS), Johannes Årdal (Jølster IL) og Gunnar Fannemel (leiar Hopp- og kombinertkomiteen). Foto: Sogn og Fjordane Skikrins.

Johannes fekk nye hoppski

Som ein del av rekrutteringsprosjektet Fannemel-effekten fekk jølstringen Johannes Årdal nye hoppski sist veke.

Under feiringa av verdsrekordhaldar Anders Fannemel i Honndalshallen i påska kom Inge Fænn, leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, med ei helsing som kjem unge hopparar til gode. Då lanserte Fænn nemleg rekrutteringsprosjektet Fannemel-effekten.

– I skiskyting snakkar ein ofte om Bø-effekten. No meiner skikrinsen det er på tide å utnytte Fannemel-effekten, sa Fænn.

Som ein del av dette, delte Ytre Eide Sport i Stryn onsdag ut eit par hoppski til eit ungt talent frå Jølster.

– Årdal får hoppskia fordi han er den hopparen i fylket som har hatt best utvikling i vinter og sommar. Ungguten har vist ei fantastisk interesse, og han har i heile sommar og haust køyrd den lange vegen frå Jølster til Bjørkelibakkane for å trene i plastanlegget der. Dette har han gjort saman med far sin, Jan Inge Årdal, opptil fleire gongar i veka. Vi håpar dei nye hoppskia kan vere ein god stimulans til Johannes, og at dette er til inspirasjon for den unge jølstringen, seier Gunnar Fannemel i hopp- og kombinertkomiteen i ei pressemelding frå skikrinsen.