reben Indrebø og GHK spelar mot Viking 2 på heimebane laurdag ettermiddag.

Jaktar sin første siger

GHK har innleia sesongen med to strake tap. I serieopninga blei det 23-24 mot Eid i Trivselshallen, sist helg blei Os for sterke i Sunnhordland.

Morgondagens motstandar Viking 2 har vunne to og tapt éin kamp og står dermed med fire poeng etter tre kampar.

– Det blir spennande å sjå kva lag dei kjem med, seier Aske, vel vitande om at andrelaga som spelar i det ordinære seriesystemet ofte stiller svært ulike mannskap frå kamp til kamp, alt etter kampprogrammet til førstelaga.