GHK sitt herrelag må løfte seg etter den tunge sesongopninga om det skal bli poeng i dei føreståande bortekampane.

Jaktar årets første poeng

To heimekampar og to klare tap er fasit så langt for det nyopprykka herrelaget til GHK i 2. divisjon. Denne helga ventar Fjellhammer og Lillehammer Faaberg.

Etter eit surt tap i sesongopninga mot Bækkelaget, vart det full stogg og 22-36 i sekken mot Vålerenga sist. Det blir heilt sikkert ikkje enkelt å ta poeng i dei to bortekampane i helga heller.

I morgon ventar Fjellhamar i Lørenskoghallen. Laget har slege Bergsøy og Bjørnar, men tapt mot FyllingenBergen 2.

Søndag går turen til Lillehammer og oppgjeret mot Lillehammer Faaberg Håndball 09. Opplendingane står med éin siger og eitt tap så langt. Sigeren kom mot Bergsøy sist helg.

Vi tippar det blir vanskeleg for GHK å ta poeng laurdag, søndag bør sjansane vere større.