Vi må lausrive oss frå å tenkje på vår eigen kommune slik den er i dag, skriv Sivert Jan Ommedal, som vil ha samanslåing av Eid og Gloppen til Bru kommune.

Ja til Eid, Gloppen og Bru!

Lesarinnlegg Sivert Jan Ommedal, Hyen:

Det har vore interessant å følgje den lokale kommunereformprosessen. Lenge har det verka som vi famlar rundt utan klare synspunkt eller visjonar. Omsider byrjar vi kome på eit spor. No gjeld det å ikkje rote det til i innspurten.

Heilt frå saka kom på dagsorden, har eg meint at Eid og Gloppen bør kunne finne saman. Våre to kommunar har historisk hatt mykje med kvarandre å gjere. Det er faktisk ikkje lenge sidan deler av Eid høyrde til Gloppen. Folket på Lote og Hennebygda hadde sitt kommunehus på Sandane, og dei sokna til Vereide kyrkje, akkurat som vi i Hyen gjorde før vi fekk eiga kyrkje. Før hyarane fekk veg til Storebru var det til Nordfjordeid vi reiste når vi skulle til sjukehus. Det gjer både vi og andre glopparar ved visse høve enno. Det er også mykje anna samhandel over fjorden. Båt og ferje har ikkje vore rekna som hinder, men som bindeledd!

Ulike former for samarbeid, bruprosjekt og vegsaker syner at vi framleis har mykje felles, og felles interesser. Det er ikkje så merkeleg at mange, både eidarar og «gløpparar», tykkjer vi kan slå oss saman.

Samanslåing på kva vilkår?

Mange delar av norsk samfunn vert påverka av korleis statlege subsidiar endrar seg frå år til år. Eg kan bruke oss bønder som døme. Råmevilkår endrar seg med skiftande landbrukspolitikk. Men vi kan ikkje endre kurs kvart år av den grunn. Vi må ha ein plan, som vi sjølve meiner er god, og setje oss mål. Så må vi jamt og trutt arbeide mot dette målet, med oppturar og nedturar. Den felles kommunen, Eid + Gloppen, må også ha visjonar og setje seg klare mål.

Om Eid og Gloppen allereie no ser at vi har mykje «å hente» på samanslåing, må vi for all del ikkje velje halvhjerta kvasiløysingar som nesten ingen har tru på. Vi kan ikkje late dette strande fordi vi ikkje allereie har bru, fordi nokre statlege midlar går i pluss eller minus, eller om nokre av innbyggjarane får ein halv time lenger veg til kommunehuset (som ein tross alt ikkje besøkjer kvar dag). Vi må byggje for framtida!

Bru må ikkje vere eit vilkår, men vil framleis vere eit felles mål om vi vert samla i ein kommune, -og vert eit endå meir sjølvsagt krav. Inntil vidare er ferja er «ein del av vegen», og bind oss saman.

Er smått alltid godt?

I det daglege liv, tykkjer eg administrative og politiske vedtak av og til vert speglar at vi er litt «nærsynte». Fleire enn meg har påpeika at vennskap, naboskap, kapital, etternamn og sosial «rang» er faktorar som kan påverke utfall i enkelte saker. Det er problematisk! For objektiv og lik handsaming kan det vere positivt med noko større distanse mellom til dømes ein tiltakshavar og den som har avgjerdsmynde. Å utvide kvardagshorisonten er ikkje å forakte, trur eg. Vi kan truleg lære mangt av kvarandre.

Eidarar og «gløpparar» har det jamt over svært bra. Alle ynskjer at det framleis skal vere slik. Vi må fylgje med på endringar som skjer rundt oss, og posisjonere / innrette oss deretter.

Kommunesenter

At det er ulike syn på kommunesamanslåing generelt, og kva kommune ein kan slå seg saman med, er naturleg. Men: Eg ser at nokre tek til orde for å fordele sentrale funksjonar mellom dei «gamle» kommunane, og nærast operere med delt kommunesenter. Då vert eg litt bekymra! Er ikkje noko av det ein skal oppnå med samanslåing at vi samordnar og samlar funksjonar for å hente vinstar av dette?

Gloppen har vurdert deltaking i stor Sunnfjord-kommune. Men var det nokon som då førestilte seg at vi skulle få behalde vårt kommunesenter? Neppe. Eid har også vore i drøftingar om større konstellasjonar. Eg tvilar på om dei har teke for gitt at kommunesenteret skulle verte på Nordfjordeid. No har vi kome ned på «jorda», og er på eit godt spor. Vi er to nokså jamstore kommunar som har mykje felles, og som faktisk har gjensidig ynskje om samarbeid. Kor mykje enklare må det ikkje då vere å få dette til?

Vi må lausrive oss frå å tenkje på vår eigen kommune slik den er i dag. Om dette vert ein realitet, så er vi ikkje lenger to kommunar. Då er vi ein! Våre utsende forhandlarar må sjå føre seg at vi er ein kommune. Dei må heve blikket, prøve å sjå det heile «utanfrå», og vere rause.

Bidrag til namnedebatten som må kome

Både «Firda kommune» og «Nordfjord kommune» tykkjer eg må vere aktuelle namn. Dei har klar forankring. Og sjølv om namna har versert i andre kommunekonstellasjonar, reknar eg med dei er tilgjengelege heilt til nokon sender konkret søknad.
Men «Bru kommune» er mitt forslag! Eit nøytralt namn, men med sterk symbolsk verdi. Vi skal «byggje bru», enten i konkret eller overført tyding, eller begge deler. Ei eventuell konkret bru vil kome midt i kommunen, og binde både oss og heile Nordfjord saman. Namnet; «Bru kommune» vil dessutan vere eit godt utgangspunkt for glimrande kommuneslagord, noko som også kan vere med å understreke «Bru kommune» sin sentrale posisjon i Nordfjord. Som bindeledd, knutepunkt, og rett plass å byggje bru.

(Eg føreset at det ikkje er noko hinder at «Bru kommune» har eksistert ein annan stad i Sogn og Fjordane tidlegare)
Eg ser fram til å verte brubyggjar! (bruinnbyggjar)