Home   >   Kultur   >   Inviterer til Kaffislabberas

Under Vestlandskappleiken i Askvoll vert det invitert til Kaffislabberas saman med Sigrid Moldestad og Linda Gytri.

Inviterer til Kaffislabberas

Vestlandskappleiken i Askvoll opnar med konsert fredag 13.oktober. I samarbeid med Folkeakademiet i Askvoll inviterer dei til: Kaffislabberas med Sigrid og Linda.

To kvinner. Ei fele og eit trekkspel. Kjende og ukjende slåttar. Ny og gamal musikk. Sigrid Moldestad og Linda Gytri møtest ved kjøkenbordet for å spele duokonsert saman for aller fyrste gong.

– Unik mogelegheit

– For meg er dette ei unik moglegheit til å formidle musikk som eg ikkje opptrer så mykje med elles, fortel Moldestad.

– Materialet etter Ola Bruland er eg veldig glad i, og nokre av slåttane hans lyt garantert få vere med på denne konserten.

Midt i hektisk turnè med lansering av hennar rykande ferske plate ”Vere her”, blir det også tid til denne konserten saman med Linda Gytri fredag kveld på Vestlandskappleiken i Askvoll.

Ein hyllest til forgjengarane

Dei to damene frå Breim og Oldedalen i Nordfjord har spelt side om side på festivalar og buskspel i årevis, og også delteke saman på til dømes ”Draumelaget – lyden av Sogn og Fjordane” under Førdefestivalen. Dei har solide solokarrierar kvar for seg, og er skapande kunstnarar med mykje sjølvkomponert musikk i feleskrinet og trekkspelsekken.

Konserten i Askvoll blir ein hyllest til spelemenn og –kvinner som har trakka opp vegen før dei, Moldestad og Gytri sine eigne favorittar samt nyare låtar. Kanskje dukkar det opp eit par små overraskingar også.

Skape ei god stund

– Vi ynskjer å skape ei uformell stund ved kjøkenbordet, prate litt om livet og musikken, og skape ei god stund saman med publikum, fortel Gytri.

– Både Sigrid sine og mine låtar er sjølvsagt prega av våre levde liv. Eg trur vi begge er opptekne av å ta vare på dei gode stundene, og musikken er vår kanal for å uttrykkje nettopp dette.

Det er duka for eit triveleg kaffislabberas med Sigrid og Linda i Askvoll fredag kveld med musikalske smilehol, haustleg melankoli og feiande friskt nordfjordspel.