Ingrid og Maria Ose skal vere med i Norsk Ungdomssymfoniorkester, i tillegg til at dei vart plukka ut som solistar.

Ingrid og Maria klare for Norsk Ungdomssymfoniorkester

Unge musikarar frå Gloppen held eit imponerande nivå. No er tvillingane og fløytistane Ingrid og Maria Ose frå Sandane klare for samling og spel i Norsk Ungdomssymfoniorkester.

Norsk Ungdomssymfoniorkester samlar dei 100 beste unge musikarane i alderen 13-20 år kvart år. Nålauget er svært trongt, og musikarane vert plukka ut etter prøvespel. Orkesteret har berre to fløytistar, og dei to plassane gjekk til Ingrid og Maria frå Sandane.

Glopparar imponerer

Frå før har vi fortalt om musikarar frå Gloppen som er utplukka til andre store oppdrag no i sommar.

På Nordfjordeid held Vestlandsk symfoniorkester som vanleg til, mellom deltakarar frå heile landet finn vi Arild Bjørkelo, Byrkjelo og Elias Voll frå Sandane. Begge spelar pauke/slagverk.

På Elverum har Ungdomssymfonikerne si årlege og lange samling, dei skal også ha konsertar i Berlin, København og Oslo. Og dei skal spele i lag med Bjørn Eidsvaag. I dette orkesteret finn vi klarinettisten Marita Elise Holme, og Torgrim Halse spelar slagverk.

Kristiansand og Stavanger

Og no er altså Ose-systrene klare for Norsk Ungdomssymfoniorkester i neste veke. Her skal Per Kristian Skalstad vere dirigent, dei skal spele stort orkesterverk, pluss Dvorak sin cellokonsert. NUSO, som orkesteret gjerne vert forkorta, skal halde konsertar i Kilden konserthus i Kristiansand og i det store og nye Stavanger konserthus.

I vår var det prøvespel for elevar som er med på talentprogrammet ved Barrat Due og Musikkhøgskulen, der Ingrid og Maria er med, der målet var å finne solistane til orkesteret. Tvillingane frå Sandane var mellom dei som kom gjennom det tronge nålauget og vart plukka ut som solistar.

Det er berre å ønskje desse og dei andre utruleg flinke musikantane lukke til med dei store oppgåvene ”ute i verda”!