Jørund Årdal flankert av Evald Osnes Devik (t.v.) og Thomas Mardal

Imponerande sleggekasting

-Han er enormt sterk, om eit års tid ryk norgesrekorden, sa sleggeveteran Jakob Holme då han såg Thomas Mardal kaste slegge under sparebankleikane på Byrkjelo.

-Dei leikar seg heile tida rundt den gamle krinsrekorden, dette ver fantastiske prestasjonar, sa trenaren, Jørund Årdal, om Thomas Mardal og Evald Osnes Devik, men han meinte Holme var for optimistisk når han snakka om norgesrekord om eitt år. Årdal ville gje Mardal eit par år til.

Stinne av trening leverte dei to kastarane likevel fleire kast over eller rundt den gamle krinsrekorden til Ove Farsund. Mardal hadde to kast rett over 65 m, medan Evald stoppa ein liten meter bak.

Gode løp

Det var knytt stor spenning til 3000 m, der Eivind Øygard frå Jølster skulle opp mot Lars Agnar Hjelmeset. Hjelmeset imponerte stort på 2000 m hinder fredag og på 3000 m sette han personleg rekord og gjekk forbi Øygard på oppløpet.



Meir i onsdagsavisa

Eivind Øygard drog heile løpet, men vart slegen av hHelmeset rett før mål.