Delar av taket på lada i bakgrunnen landa like ved huset til Bjarte Gangeskar på Reed.

- Ikkje noko kjekt

– Delar av ladetaket til naboen slo inn i veggen. Det var ikkje noko kjekt, seier Bjarte Gangeskar.

Gloppen og Jølster slapp billeg unna uvêret Tor sine herjingar fredag ettermiddag og kveld. Hardast ser vinden ut til å ha teke i eit område frå Reed og oppover mot byggjefelta i Hovden.

Bjelke i veggen

– Det stod rett på frå sydvest. Taksteinen tok til å leve, vi høyrde ein veldig smell og ein bjelke slo inn i husveggen. Med det same skjønte vi ikkje kvar han kom frå, fortel Bjarte Gangeskar.

Han bur like nedanfor den nye prestebustaden i Breim, og opplevde uvêret fredag som minst like kraftig som då Dagmar herja i jula 2011. Først då vinden løya litt, våga han seg ut for å sjå kva som hadde hendt.

– Då såg vi at taket og eine veggen på lada til naboen var vekke. Rett nedanfor huset vårt ligg ein stor flake, og bjelken som slo inn i husveggen trefte like ved vindauget her, seier Gangeskar og viser fram eit godt synleg merke i veggen.

Les meir i papirutgåva måndag.