Vi kan byrje å glede oss over lengre og lysare dagar! Her fra den fantastiske øya Lovund (lundefugløya) på Helgelandskysten i midnattssol ein junidag. Foto: Anne Mette Sannes.

I dag er det vårjamdøgn

Av Anne Mette Sannes, Science fiction-forfatter og vitenformidlar og Knut Jørgen Røed Ødegaard, astrofysikar:

Tysdag 20. mars kl. 17.15 beveger Sola seg inn på den nordlege delen av himmelen, og astronomisk sett blir dermed sommerhalvåret – endeleg – innleia. Denne dagen blir kalla vårjamdøgn fordi dag og natt er like lange over heile Jorda.

Dagane blir no merkbart lenger, og sommarhungrige nordmenn vil kjenne ein tydeleg skilnad på varmen frå Sola.

Over heile kloden er det i dag tolv timar frå soloppgang til solnedgang. Det vil seie at dag og natt er like lange over heile Jorda, noko som skjer to gongar i året - ved vårjamdøgn og haustjamdøgn. På desse to dagane står Sola rett over ekvator, og berre på jamdøgna kan ein person som står ved ekvator, sjå Sola passere rett over hovudet (i senit) midt på dagen.

På Nordpolen kjem Sola til syne igjen etter eit halvt års vintermørke og går først ned att om seks månader – ved haustjamdøgn.

På Sydpolen skjer akkurat det motsette: Sola går ned og blir vekke i eit halvt år for så å dukke opp igjen ved haustjamdøgn.

Konsekvensar for Noreg

Daglengda aukar no raskt – aller raskest nord i landet – og vi merkar at solvarmen aukar hurtig dag for dag fordi Sola kjem høgare på himmelen og fordi ho er oppe flere timar i døgnet og har lenger tid til å varme opp bakken og lufta.



 

Jord sine årstider. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i pilene si retning) vårjamdøgn, sommersolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøgn (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.