Den nye vegen gjennom Våtedalen som vart opna i 1889, skapte på fleire vis eit tidskilje for Egge. Framfor alt gjeld dette Arnetunet, der hotellet på Egge vart bygd.

Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i sogeskriftet Ljøren 2007




På Egge står det ein vakker og ærverdig bygning like ved E39. I dag blir den brukt som bustad, men huset vart oppført som hotell i 1890, om lag på same tid som vegen gjennom Våtedalen vart opna. Det har ikkje alltid vore like roleg her som i dag.




Bygginga av vegen forbi Egge var ei viktig årsak til at den flotte hotellbygningen vart reist. Grunnleggjaren, Klaus A. Egge, tenkte visst i byrjinga ikkje lenger enn å byggje nytt hus på garden. Han hadde fått på plass både steinar til murar og byggjematerialar då kjøpmann Elias Sølvberg frå Utvik la fram planen om å byggje hotell.

Leigde vekk hotellet


Klaus Egge leigde hotellet vekk til denne venen frå Utvik i starten. I samband med at Sølvberg lanserte idéen om å byggje hotellet, er det vorte fortalt at dei to sat to dagar i einerom og drøfta dette store tiltaket.

Klaus var ein heller jordnær og arbeidsam mann, og turisme var nok framandt for han, men bonden let seg overtale. Sølvberg var kjøpmann og skulle leige hotellet for 400 kroner per år, og Gunnar Tystad vart spurt om å vere byggherre. Han bygde fleire hotell rundt om på den tida.


Fleire kjende personar har overnatta på Hotel Egge, mellom andre Bjørnstjerne Bjørnson og den finske marskalk Mannerheim. Hotelldrifta vart kombinert med å drive skysstasjon. Frå Egge vart det skyssa til dei næraste skysstasjonane på Skei, Reed og til Utvik.

Ovanfor fjøsen på garden vart det bygd badehus for turistane, men dei måtte nøye seg med kaldt vatn rett frå Fikkjegrova. Eit lysthus vart bygd oppe på Smihammaren, ein bergknaus ovanfor hotellet. Vertskapet kunne glede seg over ros i gjestebøkene, mellom anna at det var «det mest tidsmessige hotell på ruten Valdres – Nordfjord» Ein bergensar skriv «deilig hotell, for billig», medan dei engelske gjestene kom med kompliment som «very comfortable», og «very good dinner». Hotellet vart mellom anna kjent for sine lange senger.

Over halva engelske


Dei første tre åra var det svigersonen til Sølvberg, Gustav Kristenson, som dreiv hotellet. Frå 1893 var det ein danske, Nils P Sønderskov, som leigde det. I 1896 tok sonen til Klaus, Arne K. Egge, over drifta. Dei første åra bar hotellet namnet Hotel Germania. Kvifor dette namnet vart brukt, kan ingen seie sikkert. At hotellet hadde mange tyske turistar, er ein teori, men denne forklaringa er nok heller tvilsam. Olav S. Egge, som i dag bur i huset, har sett gjennom dei første gjestebøkene for å prøve å finne ut av det.

- Over halvparten av dei som overnatta på hotellet dei to første åra var engelske. 15 prosent kom frå Amerika, 20 prosent var norske, medan 15 prosent kom frå andre land - som Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Australia. Berre to prosent var tyske, og det er fortausande lite. Det første bestefar, Arne K. Egge, gjorde då han overtok, var å skifte namn til Hotel Egge, fortel han.


I 1914 vart det bygd kraftverk i Eggeelva som kjem ned frå Høgredalen. Det var Arne K. Egge (1868-1961) - til venstre - som gjekk i bresjen for å få bygd verket. Dermed fekk hotellet straum. Det vart elektrisk lys over heile huset, og elektrisk komfyr på kjøkkenet Hotellet fekk åtte hestekrefter i 1914, grunneigarane på Egge elles fekk tre hestekrefter kvar, medan aksjonærane på Gåsemyr og Strand fekk ei hestekraft kvar I 1930-åra vart det lagt inn varmt og kaldt vatn på alle rom. Til høgre Klaus Egge (1839-1911) som stod for bygginga av hotellet i 1890.

Hotellet på Egge vart reist på Arnetunet, eller sjeldnare kalla Klastunet. Dette var bruk nummer tre på Egge, eit bruk som vart oppretta i 1846. Arne Arneson Klakegg kjøpte då halvparten av bruk nummer to og flytta til Egge. Namnet Klastunet kjem av at sonen Klaus overtok skøyta i 1873. I bygdemålet var det vanleg å seie Klas for Klaus. Arnetunet vart vanleg namn frå 1903, då Arne K. Egge overtok bruket.

Vegar skapte utvikling


Den sterke vegbyggingsaktiviteten i Gloppen frå 1880- åra av vart avgjerande for den positive utviklinga som skjedde kring 1900. Like til slutten av 80-åra var Breim mange gongar avstengd frå utanomverda vinterstid. Men kring 1890 vart isolasjonen heilt broten for denne bygda.

Vegsambandet Sandane - Reed vart heilt avgjerande for utviklinga i Breim. Den nye vegen til bygda, og vidare gjennom Våtedalen til Sunnfjord og Vadheim, la også eit viktig grunnlag for framveksten av Sandane som tettstad. Før vegen kom, hadde mesteparten av varetransporten gått over Breimsvatnet med båt. Det var såleis eit stort framsteg då vegen langs Breimsvatnet var ferdig og folk kunne nytte hest og vogn i staden for robåtar. Vegen i Våtedalen vart bygd i tida 1881-89 Den nye pulsåra gjennom denne tronge og ville dalen førte alt dei første åra til ein merkbar auke i trafikken, særleg tok turisttrafikken seg kraftig opp. Hotellet på Egge stod ferdig til å ta imot dei reisande om lag samtidig som vegen vart teken i bruk.

Hotell og skysstasjon


Fleire hotell vart bygde langs vegen frå Sandane til Vadheim. Typisk for desse hotella var kombinasjonen med skysstasjonar. Mot rimeleg godtgjersle skulle hotella syte for mat og husly til dei reisande, og dei måtte halde hestar og køyredoningar og føre dei reisande til neste skysstasjon. Avstanden mellom skysstasjonane på Skei og Reed var stor, og dette var nok ei medverkande årsak til at det vart oppretta ein skysstasjon på Egge.

Futen gjorde skriftleg avtale med Klaus Egge om sta-sjonshald, der godtgjersla skulle vere 15 øre kilomete ren for kvar hest. I følgje kontrakta skulle stasjonshal-daren halde seks faste hestar og fem reservehestar. Ei ny kontrakt vart oppsett 1 januar 1905, denne gongen med Arne K. Egge. I vilkåra vart det mellom anna fast-sett at han skulle halde to faste hestar og ein reserve-hest. Dessutan måtte han forplikte seg på å halde dei nødvendige køyrereiskapane i forsvarleg stand. Og i til-legg: «Skydsgutterne skal altid være anstændig klædt og skal indskjærpes Redelighed og sømmelig Opførsel»


Olav S. Egge med gjesteboka frå den tida hotellet heitte Hotel Germania.

Som godtgjersle for stasjonshaldet skulle han ha 240 kroner. I tilfelle misleghald skulle han i følgje den før-ste kontrakten svare fem kroner til Breim fattigkasse kvar gong. I punkt åtte i avtalen forplikta han seg til å « ...altid holde et Værelse til de Reisendes Disposition, hvilket om Vinteren skal være opvarmet...samt - naar dertil er Anledning - holde Telefon, der skal staa til de Reisendes Afbenyttelse...». Punkt ni lyder: «Jeg skal holde Gjæstgiveri, hvor de Reisende kan fordre sig for-synet med Husbekvemmelighet, Mad og Opvartning...». Her skulle han vere godt rusta, sidan hotellet allereie stod der. Avtalen vart fornya i 1918 og i 1926.

Postopneri og telefonstasjon


Alle på garden Egge deltok i skysstrafikken når det var trong for dette. Robert Egge (død 90 år gamal i 1985) fortalde at Arne K. Egge tok imot skysspengane og delte dei på hesteeigarane. Ei skyssbok frå dei første åra syner at i løpet av eitt år hadde elleve mann skyssa, den med flest oppdrag fekk 120 kroner og den som hadde skyssa minst fekk 30,55 kroner. Turisttrafikken og anna skysstrafikk skapte liv og røre, og for vanlege gardbrukarar vart dette ei attåtinntekt.


Familien Egge har teke vare på mange gamle ting frå hotellet sin ungdom. I tredje etasje er det laga flotte utstillingar av gjenstandane, nærast som eit museum.

Skysstasjonen på Egge vart opna same året som vegen. Kort tid etter vegopninga, fekk garden også postopneri og telefonstasjon. Frå å vere ein avsideslig-gjande utkantgard inst i dalbotnen, vart Egge eit knutepunkt for pulserande samferdsle. Det nye hotellet frå 1890 vart det mest synlege landemerket for den nye si-tuasjonen. Postopneriet Våtedalen vart oppretta i 1893, etter at eit brevhus på hotellet vart sett i verk alt frå 1890. Brev-huset var berre ope om sommaren. Arne K. Egge styrte postopneriet heilt fram til 1947, då han var 78 år gamal. Kontortida var lagleg. Folk henta posten søndag som måndag - heile dagen.

Fare for snø- og steinskred


Klaus A. Egge og Tor Egge vart tilsett som postkøyrarar då vegen gjennom Våtedalen kom. Posten gjekk tre gonger til Reed og tre gonger til Helgheim kvar veke. Å køyre posten gjennom Våtedalen midt på natta i all slags vêr var ikkje alltid like kjekt. Det var fare for både snø- og steinskred. Når det var fare for snøskred, brukte dei å stoppe nær dei farlege partia for å lytte - og så jaga dei på merra og køyrde fortast mogleg forbi.

Arne K. Egge skreiv til postmeister Schøning i Bergen og spurte om dei ikkje kunne få oppbevare posten til det lysna av dag. Svaret han fekk var at «Posten skal gå ustanselig», så dei måtte køyre som før.

Ein vinterdag litt seinare kom postmeisteren sjølv gjennom Våtedalen på dagtid. Gamle T. Skrede køyrde han i eit forferdeleg snødrev og snøskreda gjekk både framfor og bak dei. Han fekk sjølv føle på kroppen kva det ville seie å køyre gjennom Våtedalen i dårleg vêr, og då han kom tilbake til Bergen endra han ruta - slik at dei fekk køyre midt på dagen.

Gudrun overtek posten


I åra 1947 til 1965 styrte Gudrun Egge, svigerdottera til Arne, postopneriet.

Gudrun Egge har skrive ned minne frå Egge, og om posten har ho fortalt dette:

– Frå 1 desember var eg tilsett som postopnar. Siste rekneskapet Besten førte skulle eg vere med å sjå på, for å lære. Men han gjorde unna det meste sjølv før eg vart tilkalla. «Dette fører du her og dette der», sa han. Eg var omtrent like lite orientert som før. Han skulle reise til Sandefjord nokre dagar etterpå. Systrene hans ønskte at han skulle vere der utover vinteren. Den søndagsføremiddagen han skulle reise, tok eg kontorstolen i bruk for første gong. Ragnvald Gåsemyr kom med store skinnpakkar. Reveskinna vart send i posten i den tid. Eg vog pakkane og førte dei inn. Besten fôr nervøs ut og inn. "Dette går ikkje. Det går aldri!" Ragnvald smilte stort, og trudde det kom til å gå bra. Eg skreiv til Førde og bad om litt rettleiing.

Og det fekk ho.

På 1950- og 60-talet gjekk posten med dei vanlege bussrutene. Gudrun skriv:

– Her var berre 18 husstandar. Det var «lilleputt»-posthus. Men noko arbeid var det likevel. Rekneskap kvar veke, sendt til postkontoret den 1 og den 16. i kvar månad. Eg likte postarbeidet, kanskje fordi eg likar å skrive. Ein vart godt kjend med grendefolket, og kunne få vere til hjelp med eitt og anna. Løna var 194 kroner månaden første åra, seinare 212 kroner. Nett løn! Olav og Klaus tok tidleg til å ekspedere posten på bussen. Sjåførane var lokalkjende, og alt gjekk greitt.

Frå 1965 vart landpostruta frå Byrkjelo oppretta, og dermed vart postopneriet på Egge lagt ned.


Målfrid Egge (1948 – 2002) la mykje arbeid ned i å lage dei fine utstillingane i tredje etasje.

Vanka snop og småpengar


I dag er det Sigurd Egge (f. 1971) som eig Arnetunet. Han bur i det tidlegare hotellet på Egge, medan faren Olav S. Egge har innreia ei eiga leilegheit i eine enden av huset. Grunnflata på bygningen er om lag 200 kva-dratmeter. Huset har full kjellar med tre etasjar over, der ein del av den øvste etasjen er loft.

– Far min, Sigurd Arneson Egge, var utdanna lærar og busette seg på Lesja, der eg vart fødd i 1942. Han var ikkje eldst i søskenflokken, så det var nok ikkje tanken at han skulle overta bruket her. To eldre brør hadde han, men den eldste reiste til Amerika. I 1944 flytte mor mi med borna til Egge. Far var her første vinteren, men heldt fram å skule i Lesja fram til 1952. Det vart såleis mor som hadde ansvaret for gardsdrifta, og det var nok mang ein gong godt å få hjelp av gode naboar. Det var nok og godt for bestefar å få avløysing. Han hadde i ein lang tidsbolk hatt ansvaret for både gard, hotell, post og skyssing. Han miste kona allereie i 1910, fortel Olav S. Egge, og legg til at faren fekk halv lærarpost på Bergheim og halv post i Førde i Jølster hausten 1952. Etter kvart fekk han heil stilling på Bergheim, der Grendastova ligg i dag.

Olav var tolv år då drifta av hotellet vart lagt ned.

– Eg hugsar godt at her var turistar og turbussar, og det vanka snop og småpengar på oss borna når dei reiste. Om sommaren var det mest trafikk. Vi hadde kaldt og varmt vatn på alle rom, men vatnet vart stengt av i 2 og 3. etasje om vinteren. Eg hugsar det var eit voldsamt opplegg når vatnet skulle setjast på att om våren, for einskilde vasslås og rør var ikkje like vasstette lenger etter ein kald vinter, smiler han. Hotellet leigde Gravarvatnet som tilhøyrde garden Hjelle.

– Dette vart leigd for at turistane skulle få fiske. Eg hugsar ein gong far og eg hadde vore opp til vatnet for å fiske. Det heldt på å bli skymt då vi var på heimveg. Det var på den tida trafikken byrja å avta, og det var spennande å sjå kor mange rom det var lys i heime. Vi var sjølvsagt interessert i størst mogleg belegg. Og denne gongen var det lys i alle rom, seier han.

Hadde ein god oppvekst


– Kvar budde du og familien når huset vart nytta som hotell? - Om vinteren budde vi i andre etasje, om sommaren i tredje. Vi nytta sikkert skråromma i tredje når det var behov for det. Men eg hugsar også at far og eg måtte liggje i lada ein gong fordi hotellet var fullt. Og eg har nok også lege i stabburet. Det skulle vere stilt på hotellet. Ein gong vart eg og yngstebroren min sende til Sandane for å overnatte med onkelen min. Mor angra på dette seinare, så det vart med den eine gongen, fortel Olav


På slutten av 1980-talet vart det tidlegare hotellet på Egge restaurert, og verandaene i kvar etasje kunne takast i bruk att etter å ha vore innkledde. I skåpet til høgre finn ein dekketøy frå den tida då hotellet vart starta.

– Korleis var det å vekse opp på eit hotell?

– Eg hadde ein god oppvekst, og eg opplevde ikkje på den tida at det var noko spesielt ved å bu på eit hotell heile året. For meg var dette heimen min. Men med alle dei gjeremåla som var her, var det til tider litt hek-tisk, men eg har også mange positive opplevingar. Som smågut hugsar eg godt at det vanka ein god del godbitar på oss borna etter at turistane hadde fått mat. Raud gele med vaniljesaus sit enno i minnet. Det var fantastisk godt. Men det vart mykje arbeid på mor, med både fjøsstell, post og hotelldrift. Vi hadde terne om som-maren, av og til ei tid på vinteren også. Men det vart etter kvart vanskelegare å få tak i dei, seier han, som sjølv fekk skøyte på bruket i 1964.

Seks år seinare gifte han seg med Målfrid (f. Hjelle), og dei fekk tre bom. Olav hadde garden som eineyrke fram til 1975. Då byrja han i Posten som landpostbod.

– Målfrid tykte huset nesten var for stort i starten, men ho vart etter kvart svært glad i det. Ho var ei stor drivkraft i arbeidet med å få huset tilbake til det opphavlege, og i tredje etasje laga ho til eit museum av gjenstandar, fortel han.

Berga for ettertida


Hotellet på Egge hadde gode tider så lenge skysstrafikken vart driven for fullt. Tidleg i 1950-åra endra trafikkbiletet seg. Bilen sin tidsalder kom med full tyngde og auka tempoet i reiseaktiviteten. Hotell Egge, som hadde 32 senger, vart modernisert i 1949. Men hotellinspeksjonen skjerpa krava og ny opprusting måtte til. Kostnadene ville bli tyngjande, og dermed valde familien Egge å leggje ned drifta i 1954.

– Ei medverkande årsak til avgjerda var at bestefar vart sjuk denne sommaren. Då bestemte mor og far seg for å stenge hotellet og be inn heile slekta. Etter dette vart hotellet ikkje opna att, fortel Olav

Saman med familien tok Olav S. Egge til på eit omfattande restaureringsarbeid på slutten av 1980-talet. Det som var tenkt å skulle bli ein takreparasjon utvikla seg til å blir ei restaurering av eksteriøret i det tidlegare hotellet. Verandaen, som vart innekledd i 1935, viste seg å innehalde gamle, særmerkte treskjeringar. Dermed fekk eigarane auga opp for verdiane som låg i den gamle bygningen. Dei moderne vindauga i første etasje vart skifta ut med vindauge av det originale sla-get. Det vakre huset vart berga for ettertida - som det landemerket og kulturminnet det vil vere vidare.


I dag er Sigurd Egge eigar av Arnetunet, men faren Olav S. Egge har også ei eiga leiligheit i det ærverdige huset.

Kjelder:
Soga om Gloppen og Breim, bind II, side 331-334.
Soga om Gloppen og Breim, bind V, side 643-647
Særoppgåve laga av Sigurd Egge våren 1987
Notat om posten etter Arne K. Egge og Gudrun Egge.





Fekk du med deg: Hugo Mowinckel – verdsmannen på Holvikgård. 10. mars 2018

Tidlegare saker frå arkivet:
Frå mars:
Øyna – den siste grøne sentrumslunga. 3. mars 2018

Frå februar
Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta. 24. februar 2018
Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018

Frå januar
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018

Frå 2017
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017