Nok ein gong er det gjort hærverk på det som var Sandane Hotell. Bygningen er i konstant forfall.

Hotell-forfallet held fram

Nok ein gong har det vore hærverk på bygningen som hyste Sandane Hotell. Denne gongen er det ein av inngangsdørene nokon har hatt moro av å sleppe kreftene lause på.




Den store murbygningen i Nordstrandsvegen er ein lite pen innfallsport til Sandane sentrum frå sør. Han har stått tom og til forfall i årevis. Hærverk bidreg til at bygningen blir mindre pen å sjå til for nesten kvar veke som går.

Tilstandsrapport
Gloppen kommune har ved fleire høve strekt ut ei hand til eigar Jan Haveland for å prøve å finne ei løysing på kva som skal skje med bygget.

I februar vedtok formannskapet at kommunen skulle be Haveland om løyve til å kome inn i bygningen for å gjere ein tilstandsrapport.

– Bygningen blir oppfatta som belastande, vi ønskjer å få til noko. Viss vi kan bidra med noko, er vi interesserte i å gjere det. Ein tilstandsrapport vil peike ut vegen vidare, sa rådmann Jan Kåre Fure til Firda Tidend den gongen.

Les meir i papirutgåva onsdag.