Ho må møte i retten igjen

Staten ankar konvertittsaka.

4. april kom domen frå Oslo tingrett, iranske Maryam Bandari og sønene vann rettssaka mot staten, til mange si overrasking. Vedtaket om at dei skulle kastast ut vart dermed sett til side. Maryam har sete eitt år i kyrkjeasyl i Sion-kyrkjelyden sine lokale på Sandane. 2. mai gjekk fristen for å anke rettsavgjerda ut, og det vart klart at staten ankar saka. Dermed vert det ei ny runde, denne gongen i lagmannsretten.

– Det er kart at dette er skuffande, no er det på mange måtar tilbake til start, men vi var førebudde på det. Staten har anka liknande saker heilt til topps, det vil seie høgsterett. Korleis tidshorisonten for ny rettssak ser ut no, veit vi ikkje, Maryam er naturleg nok skuffa, seier John Valør i Sion-kyrkjelyden.