HKH Mette-Marit. Foto: Sølve Sundsbø.

HKH Mette-Marit fornyar beskyttarskap for Førdefestivalen

Førdefestivalen har motteke brev frå Kongehuset om at HKH Mette-Marit vidarefører beskyttarskapet for festivalen for ein ny periode, frå 2016 tom 2020.

– Dette er ei gledeleg melding å få i starten av eit nytt år, og vi ser på dette som ei stor ære, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

– Beskyttarskapet understrekar også Førdefestivalen sin posisjon som ein viktig kulturinstitusjon i landet vårt; eit Norge der vi år for år, ja, nesten dag for dag, ser utviklinga av ein meir og meir fleirkulturell nasjon.

Førdefestivalen sin visjon er å presentere dei rike musikk- og kulturtradisjonane frå heile verda – og på den måten opne for nye opplevingar og ny erkjenning og kunnskap. Samstundes er målet å vere ein utviklar og eit utstillingsvindauge for den norske folkemusikken.

– Med dagens samfunnsbilete er Førdefestivalen viktigare og meir relevant enn nokon gong, seier Bjørkum, som i desse dagar legg dei siste brikkene i programmet for årets Førdefestival, den 27. i rekka.

Festivalen vert i år arrangert 6.-10. juli. Tema for årets festival vert sleppt 4. februar.



Førdefestivalen har hatt kongeleg beskyttarskap sidan 2006. Dei første fem åra var Dronning Sonja festivalen sin høge beskyttar, og sidan 2011 har det vore HKH Mette-Marit.