– Den flyktningstraumen som er i rørsle i Europa og Noreg er heilt ekstraordinær. Eg tenker at kvar og ein av oss kan utgjere ein skilnad for flyktningane som kjem til landet vårt, seier Kristianne Rygg.

Hjelpte båtflyktningar i Hellas

Då Kristianne Rygg fekk spørsmål om å vere med til Lesvos i Hellas for å hjelpe båtflyktningar, var svaret enkelt. – Klart eg ville vere med, seier 37-åringen frå Sørstranda. No er ho tilbake i Noreg etter ei hektisk veke med hjelpearbeid.

Svært mange båtflyktningar har kome til den greske øya Lesvos dei siste månadene.

Fekk lyst til å reise

Kristianne Rygg reiste til den greske øya etter å ha lese om ”Dråpen i havet” i media og på Facebook.

– ”Dråpen i havet” blei oppretta av Trude Jacobsen, som sjølv var frivillig på Lesvos for om lag ein månad sidan. Ho oppretta ei Facebook-gruppe før avreise med tanke på å samle inn diverse utstyr frå vener og familie. Gruppa vaks raskt og har no kring 30.000 medlemmer. Eg følgde med på denne gruppa, og fekk lyst til å vere frivillig sjølv. Då ei veninne tok kontakt og spurte om eg ville vere med, gav svaret seg sjølv, fortel ho.

Via Facebook inviterte ho vener og familie til å donere kle, sko og anna utstyr. Også ein del pengar vart samla inn. For desse vart det handla inn utstyr i Oslo før avreise 20. september, samt ein del utstyr etter at ho kom til Lesvos.

Les meir i papirutgåva fredag.