Dei to brørne frå Hjelmeset er der det skjer. Odd Bjørn (t.v.) er i sitt femte OL der tre var som aktiv. Roar er i sitt andre som trenar (Foto via Odd Bjørn Hjelmeset frå Peyong Chang).

Hjelmesetbrørne er der det skjer




Noreg har hausta medaljar i alle valørar i OL i Peyong Chang. Midt i sirkuset finn vi dei to brørne Odd Bjørn og Roar Hjelmeset i i sentrale roller.



Å få eit innsmett i timeplanen til to karar som er opptekne på kvar sin kant, til og med på andre sida av jorda, er ikkje det enklaste å gje seg i kast med, men med to velvillige karar gjekk det likevel bra.

Hovudet på blokka


– Han la hovudet på blokka då han vraka verdscupleiar Heidi Weng til stafetten. Heldigvis gjekk det bra, seier Odd Bjørn Hjelmeset nokre minutt etter at stafetten var over laurdag. Han var på plass i Peyong Chang dagen før. Odd Bjørn er som kjent tilsett i jobben Morten Aa Djupvik hadde som idrettssjef i Skiskyttarforbundet. Han tok til i stillinga i oktober og har ikkje hatt det sportslege ansvaret for OL-førebuingane, men no er han på plass og del av støtteapparatet.


– Morten har gjort ein fantastisk jobb. Det er fysio, helse, administrasjon i tillegg til det sportslege og alt det folk ikkje ser, seier Odd Bjørn. Han har det heilt topp i Skiskyttarforbundet.


– Det er stor skilnad på langrenn og skiskyting. I langrenn må du pushe på heile vegen, men i skiskyting må du vurdere farten fram til skytingane. Begge stader handlar det om å oppnå best mogelege resultat, seier Odd-Bjørn.


Fem OL


Han opplever no sitt femte OL, tre som utøvar og to som kommentator. Han fekk med seg to OL-medaljar, sølv i stafetten i Vancouver i 2010, der han vart berømt for uttalen om «is i rubben», og individuell bronsemedalje på 50 km i Salt Lake City. Den medalje fekk han overrekt på Sandane då vinnaren Johan Mühlegg vart fråteken medaljen på grunn av doping.


– Eg har mange hyggelege minne frå OL, men også nokre eg skulle vore forutan, men idretten lever heile tida. Det er det som fasinerer. Nokre stjerner sloknar, og nye kjem til. No er eg i ein fin gjeng med eit par brør frå Stryn som gjer det godt, seier Odd Bjørn Hjelmeset. Han likar den nye rolla han har fått fordi han kjem tett inn på utøvarane. Som sponsoransvarleg i BAMA var han på den andre sida av bordet.


Då vi snakka med Odd Bjørn, hadde skiskyttarane sikra Noreg ein gull- og ein sølvmedalje pluss ein fjerde og ein femteplass.


Undervurdert


– Det er ikkje så gale, og så har det vore litt stang ut. Alle satsar ekstra når det er OL, og alle har lyst å vinne, seier han.


– Kva synest du om jobben til bror din som landslagstrenar for kvinnene?


– Ein av elevane hans, Ragnhild Haga, har prestert fantastisk. Roar er ekstremt undervurdert som trenar. Eg er veldig imponert av han. Det er svært store forventningar. Han står bak jentene og følgjer dei opp. Han har ein avslappa stil og har etter kvart god rutine, seier Odd Bjørn om veslebroren.


Roar set pris på attesten.


– Han vil kanskje ha meg over til skiskyttarane, smiler han og innrømmer at han er tilfreds med dei sporstlege resultata.


Heng høgt


– Det gjekk litt trått i starten, med sølv til Majken på sprinten og Marit på 30 km er trass alt bra, men dette er OL. Det er ikkje berre å hente medaljane. Ragnhild Haga sin gull på 10 km fri er den fjerde gullmedaljen til ei norsk kvinne i OL, og stafettgullet er det fjerde Noreg har teke gjennom tidene, seier Roar og er tilfreds med innsatsen. Og framleis står det att to øvingar til, lagsprint og 30 km fellesstart klassisk.


– Kva tenkte du då du tok ut stafettlaget?


– Eg tenkte kanskje feil. Det har eg vore ærleg på. Andre kunne gått fortare enn Astrid, men det kunne vi ikkje vite. Vi vil jo alltid stille det beste laget. Denne gongen vart det ikkje akkurat slik vi hadde tenkt, seier Roar Hjelmeset.


Han er med på sitt andre OL. I Sotsji var han ansvarleg for sprintlaget som tok to gull. Som trenar meiner han det handlar mykje om å finne den rette balansen slik at utøvarane ikkje føler for stort press. Det er energi på avvegar.


Føler presset


I skinasjonen Noreg er det enorm fokus på prestasjonar og nærast krav om medaljar, aller helst gull.


– Kva press føler du?


– Eg føler litt på presset, som t.d. før stafetten. Mange såg stafettgull som den sikraste medaljen i heile OL, men ein kan ikkje grave seg ned om det ikkje blir gull. Sølv er også bra, men det er klart eg blir glad når det går vegen, seier Roar og forsikrar at han søv godt.


– Ja, ja, men er kjenner på at det er spennande og prøver å balansere det, seier Roar. Han er heilt klar på kva som er den største utfordringa som landslagstrenar.


Laguttak verst


– Det er definitivt laguttak. Å fortelje utøvarar at du ikkje får gå er klart det verste. Det gneg, men det er ein del av jobben.


Utøvarane taklar det ulikt.


– Det kjem an på kva forventningar utøvaren har sjølv. Av og til blir det forstått, og vi er samde, og så er det tilfelle då utøvaren er ekstremt usamd og tek det tungt, seier Roar.


Så langt er det blitt fem medaljar til kvinnene, men trenaren har håp om fleire.


– Vi bør vel ha to medaljar til, vedgår han og fortel at før OL var trenarteamet samde om at 6-8 medaljar ville vere veldig, veldig bra.

Line Hårklau er nominert til "Årets bilde" 2017 Foto: Maud Lervik
Marit Mardal blei matchvinnar i den avgjerande 2-1 kampen mot Sogndal. (Arkivfoto der ho vert gratulert av Kristine Lothe Rustøen og June Kleppenes Sårheim i ein seriekamp mot Høyang førre sesong).