Home   >   Nyhende   >   Historisk dag for Navarsete og Senterpartiet

Benkeleiar Liv Signe Navarsete leverer fullmakt til stortingspresidenten. Foto: Lars Vangen, Sp.

Historisk dag for Navarsete og Senterpartiet

Etter å ha gjort det beste stortingsvalet på over 20 år var det ei nesten dobla stortingsgruppe frå Senterpartiet som konstituerte seg i dag.

I Sogn og Fjordane vart Senterpartiet det største partiet etter stortingsvalet. Dermed vart det for fyrste gong i historia ein representant for Senterpartiet som benkeleiar, og som leverte fullmakt til stortingpresidenten.

– Det var ein høgtidleg augneblink, og eit synleg teikn på det gode valresultatet i Sogn og Fjordane. Eg håpar at eg som leiar av stortingsbenken kan leggje til rette for eit godt samarbeid på benken og mellom stortingsbenken og heimfylket, seier Navarsete.

Senterpartiet fekk 29,7% av stemmene i Sogn og Fjordane, fram heile 9,1% frå førre Stortingsval. Navarsete seier det gode resultatet motiverer ho til jobben som ventar dei komande fire åra.

– Eg skal saman med stortingsgruppa forvalte tilliten så godt råd er. Me skal arbeide vidare med ein tydeleg politikk for tenester og arbeidsplassar nær folk, tryggleik i lokalsamfunna, matproduksjon i heile landet og forvalting av naturressursar som gir grunnlag for busetjing og arbeid til folk, seier Navarsete.