Hilde Marie formidla nordlyset

 – I kveld har eg sett det flottaste nordlys nokon sinne, og då eg kom inn her fekk eg høyre nordlyset i musikken, sa Silja Juklestad i møte med trompetisten Hilde Marie Holsen.

Jølstringen Hilde Marie Holsen tjuvstarta årets Jazz på Jølst med ein svært spesiell konsert i løa på Jølstraholmen. Der kombinerte ho trompet og elektronikk på ein måte som altså fekk Silja til å «høyre» nordlyset.

Blåsar i 20 år


Hilde Marie starta si karriere med kornett i Vassenden skulemusikk for tjue år sidan, og takka vere dirigentar som Gunnar Smaadal og Ragnvald Søgnesand, vart ho skubba vidare inn i eit løp som førde henne til musikkonservatoriet i Krisiansand , via musikklina på Firda,og overgang til trompet, og vidare til ei internasjonal karriere som i fjor resulterte i plateutgjeving og som også har ført henne til mange scener rundt om i Europa. Sist handla det om ein turne i Italia for ein månad sidan og i november blir det ti dagar i Nederland.

Elektronikk som instrument


Musikken til Hilde Marie Handlar om å spele trompet akkompagnert av elektroniske lydar, laga av trompeten, lagra på lydfiler og seinare omarbeidde og tilpassa.

– Elektronikken er mitt andre instrument og noko eg starta med for fem år sidan. Den er på ein måte ei utviding av lydpotensialet i trompeten, forklarte Hilde Marie om lydane der berre fantasien sette grenser for kva som kunne høyrast. Men vindsus og dur av bølgjer var i alle fall ting som kunne høyrast og som vekselvis fungerte enten som første eller andre instrument.

 



 

dunkelt lys og triveleg atmosfære, slik som det skal vere på ein intimkonsert som dette.