Rektor Ragnhild Bruvoll tykkjer det er herleg å vere i gang med utbygginga. – Dette har vi venta på i mange år, seier ho.

– Herleg å vere i gang med utbygginga

Utbygginga ved Gloppen ungdomsskule er godt i gang, og eit spennande nybygg er i ferd med å reise seg inne på den avsperra skuleplassen. – Nybygget blir bygd på søyler. Under bygget får vi eit flott uteområde der vi vil leggje til rette for aktivitetar, seier rektor Ragnhild Bruvoll.

Politikarane i Gloppen kommune godkjende i slutten av september i fjor ei utbygging, ombygging og renovering av Gloppen ungdomsskule til ein prislapp på 62,2 millionar kroner.

– Ei spennande tid

Det gamle formingsbygget ved skulen vart stengt i 2010 på grunn av roteskade og muggsopp. Det er planlagt rive. For å stette rombehova ved skulen, måtte det ei utbygging til. Nybygget som er i ferd med å reise seg, vil knyte C-fløyen (mot vest) og B-fløyen (mot aust) ved skulen saman. Tilbygget står på søyler, og vert oppført i éin etasje med tilkomst frå andre etasje i dei gamle fløyane.

– Skule og leiing har kjempa for denne utbygginga i lang tid. Er det godt å vere i gang?

– Det er herleg. Eg tykkjer det er spennande å følgje med på korleis nybygget reiser seg. Bygget er svært spesielt og blir oppført på søyler. Det kunne ikkje ha stått der om det ikkje var for at det blir bygd på pålar. Då hadde uteområdet blitt nærast hermetisk lukka, seier Ragnhild Bruvoll.

Les heile saka i papirutgåva måndag.