– Elevane si rolle i skulemiljøet er heilt avgjerande, seier Hallgeir Hansen. (Arkivfoto)

Her trivst elevane

Elevundersøkinga frå i haust viser at over 90 prosent av elevane på Firda vidaregåande skule trivst godt eller svært godt.

Kvar haust blir det gjennomført ei nasjonal elevundersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Undersøkinga spør om mellom anna trivsel, læringsarbeid, kontakt heim-skule, elevmedverknad og mobbing.

– Dette skuleåret seier over 90 prosent av elevane at dei trivst godt eller svært godt på Firda. Dei kring ti prosentane som er att seier at dei trivst litt. Det er ingen som svarer at dei ikkje trivst noko særleg eller at dei ikkje trivst i det heile, seier Hallgeir Hansen.

Han legg til at det blir lagt ned eit solid arbeid frå dei tilsette, og at dette er viktig for miljøet.

– Ikkje minst er haldninga til den einskilde elev viktig. Elevbidraget er grunnmuren i eit godt skulemiljø, og etter mitt syn er elevane flinke til å ta vare på kvarandre, fortel han.

Les meir i papirutgåva fredag.